torsdag 20. januar 2011

Eit lite hjartesukk, småjusteringar og litt soverom






 Eg har gjort nokre småendringar i malutforminga på bloggen i det siste; våga meg til å velge ein litt breiare mal...gulp!...og det gjekk heldigvis bra...er så redd for at ting og tang skal forsvinne når eg byrjar med sånne endringar, skjønar du. No får eg endeleg heile bileta med når eg velger ekstra store bilete, også:)
Eg får ikkje bloggtittel og bloggbeskrivelse heilt der eg vil ha dei...skulle gjerne hatt dei meir midt på sida, men kan diverre ikkje dette med html-koding...er ikkje så avansert av meg...skulle ynskje eg var meir datakyndig, altså:)
Dersom det er nokken som har tips om korleis eg kan få plassert bloggtittel og bloggbeskrivelse meir midt på sidaså tek eg meir enn gjerne imot tips om det, altså:)






Vågar meg òg til å fortelje at...

Dagane elles går med til mykje kvile...
Eg har vore sjukemeldt ei god stund no...
aktiv den siste månaden, fordi eg så gjerne VIL jobbe...men kva hjelper det, når kroppen slett ikkje maktar enkelte dagar..?

No er eg så frykteleg sliten, trøtt og lei!
 

Etter fleire månader med utredning, vert ein så utruleg sliten av å gå rundt sånn i uvisse.
Håpar spesialisten eg skal til i slutten av månaden finn ut av kva det kan vere som ikkje fungerer som det skal...
og at eg kan få svar...

*håper*

*ynskjer*

Eg vil så gjerne fungere og kjenne meg frisk og rask att...
sånn at eg kan hoppe og sprette rundt saman med ungane...
både vél og lenge...
og 
seksåringen
 heller spør om me ikkje snart kan ta ein pause...
istaden for å spyrje om eg er sliten, trøtt eller sjuk...
for det skal jo ikkje vere slik at ein nesten ikkje orkar noko som helst...skal det vel?











Sånn flyt dagane stort sett forbi...
Eg vil så mykje, men får gjort så lite. Har mange tankar, idear og planar, men akkurat no vert ikkje så mykje gjort, hverken av det eine eller det andre, og det er på ein måte greit, tenker eg...får ta det att når tida er inne...

 Og her på bloggen...
ja, her vara adventskalendaren ifjor til 18 desember...(prøver att i år:) Og stemningsinnlegg frå jul og romjul og planar om årskavalkade vart berre med tanken.
Og som start på det nye året, hadde eg tenkt meg eit sånt:

"Nytt år-
nye mogelegheiter-
omskifningar og planar-om-både-det-eine-og-det-andre-innlegg" ;),

men 

istadenfor vart det rett og slett:

Eit lite hjartesukk ifrå meg, altså...

eit aldri så lite "syteinnlegg" i startgropa på det nye året.



Men ikkje utan håp, sjølvsagt...det gjeld å halde håpet oppe og tenke positivt, ikkje sant?


"Every cloud has a silverlining"


"Keep calm and carry on"


Forresten, eg vart ganske fornøyd med småjusteringane på bloggen, kva synest du?

Og jammen fekk de ein liten kikk inn på soverommet, også :)

Straks fredag att!

God fredag og god helg til alle som tittar innom!
  

17 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Så fine endringane blei, det synes eg verkeleg!
Ikkje kjekt å lese om korleis du har det, og håpar inderleg at spesialistane finn ut av det slik at du kan kjenne deg betre og leve slik du vil.

Ha ei god helg!

Pia sa...

Heisan! Det er mange som går gjennom sånne perioder i livet, om det er noen trøst. Denne mørke, kalde tida gjør vel ikke ting lettere. Lite søvn, stress...
Håper virkelig at dere finner ut av det, og jeg er sikker på at det kommer lysere tider for deg!
Apropos blogg - jeg justerte også dette med bredde og sånt - synes jeg var veldig dristig, men fikk det heldigvis til.
Jeg fikk hjelp av Jorids flotte blogg her : http://blogger-hjelp.blogspot.com/2010/02/hvordan-fa-ekstra-store-bilder.html
Det ligger mange oppskrifter der - lykke til!
Og god helg!

Rosa sa...

Så leit å høyre at du ikkje er i slaget for tida. håpar spesialistane kan hjelpe deg tilbake til ein kvardag med litt overskudd! Fine bilder, og fine justeringar i bloggen!

Håpar du har ei god helg, trass den dårlege formen!

d u n d e l i n a sa...

Veldig fin blogg og fine endringar. Lukke til framover - håpar du bevarer lysten til å blogge litt. Mange tankar når kroppen ikkje fungerer slik ein ynskjer. Kryssar fingrane for at det kjem betre dagar!
God dag til deg!

giraffmamma sa...

Å det er tungt når en er så utslitt og har vondt, jeg håper sånn på at du snart får et svar. Det er godt å bare skrive det av seg av og til. Jeg tror alltid på bedre tider og i dag var det litt vår i lufta og :) Enda jeg vet at i Bergen blir vi lurt med vårfornemmelser gang på gang hvert år! Vi må bare tro på det beste! Og bloggen ble fin den :) Det er greit å rydde opp i blant. Jeg må ta julebloggen min og renske opp, ikke noe gjort på en stund. Med omganssjuke og feber i hele familien blir en helt matt, men nå er vi over det for denne gang! Jippi! Og bildene dine er jo alltid flotte :) Klem til deg

Kristin sa...

Så bale å føle seg så elendig! Håpar dei finn ut av kva som feilar deg! Eg føler sjølv at tida etter jul har vore noko av det sløvaste eg har vore borti, eg orkar så lite og er så trøtt - og sur... Mange planar, menså tung å få gjennomført. Satsar på at våren og lyset kjem med ny energi til oss slitne mødre:) Syns at det er veldig fint at du er så ærlig. Det blir fort masse rosa beskrivelsar i bloggverda. Treng nokon som er ekte òg! Kristin

Malu sa...

Bloggen din ble nydelig:o)
Jeg er sliter selv med html koding,
men nå skal jeg prøve ut
tipsene til Pia.
Nydelig soveromms bilder.Likte veldig godt "Kaninen på erten":o)
Håper dere finner ut av hva som er galt og at du blir frisk snart.

Klem:o)

Astri Moseidjord - Lensmannsgården sa...

Så trist å lese :-/ Håper du snart kommer i gjenge igjen. Det er utrolig koslig å lese inleggene dine, og fotoene er så kunstneriske og fine.
Ligger en award til deg inne hos meg. Vell fortjent :-)

Klem!

w sa...

Dumpet innom bloggen din:) Så flott blogg du har:) Jeg legger meg til som følger jeg:)

ha en fin kveld:)
W

Heidi sa...

Jeg lurer på hvordan det går med deg.

Rosa sa...

Hei Dunnismor!
Er så lenge sidan det har vore aktivitet her hjå deg. håpar du har det bra, sjølv om det var mange tankar og bekymringar i siste innlegget!

klem

Lilouka pour JojO sa...

Oh voilà un bien joli petit coin de chambre , si vous le permettez je ferai bien un petit post sur JojO

Lilouka pour JojO sa...

Merci beaucoup ,
très bientôt
et votre Français est tout à fait compréhensible :)

linn sa...

kikkar innom og ser at det framleis er dette litt triste innlegget som ligg øverst

sender deg gode tankar og håpar alt står bra til

-klem

Pink lady sa...

Jeg kom til å tenke på deg, at det var lenge siden jeg hadde tittet innom. Men at det var så lenge siden som dette hadde jeg ingen anelse om. Et trist innlegg du har her, jeg håper at du har det bedre nå.. <3

Klemmer

Lise sa...

Hei, og tusen takk for besøk og kommentar på bloggen min. Så fin den sengen er i gul! Det likte jeg :))

Og så morsomt å ha en seng med en kjent historie som denne, ekstra spesielt når den har holdt seg i familien hele veien :) Sengen vår kjøpte vi på et bruktutsalg så historien bak er ukjent for oss, men har ingen intensjoner om å kvitte oss med den. Blir det flere barn, barnebarn, ja kanskje oldebarn om den holder, så håper jeg de alle kan få sin stund i sengen :)

Angående teppet får jeg ikke bestemt meg. Vipper mellom ensfarget og bølgestriper.. blir nok en stund til teppe blir til om jeg fortsetter med usikkerheten.. kanskje jeg blir nødt til å lage et av hver?

Også må jeg føye til at jeg digger stilen din :)) Driver å endelig innrede hjemme vårt etter ønske og blir nok hentet inspirasjon fra bloggen din :))

En fant sa...

Jeg liker bloggen din og endringer i tillegg. Personlig liker jeg det veldig mye.