onsdag 20. oktober 2010

Snø og lause trådar






I ettermiddag kom den fyrste snøen. Litt tidleg, kanskje...synest ikkje det er så lenge sidan eg sat ute på altanen i berre t-skjorta og vifta med tærne, men med tanke på at 14 oktober var fyrste vinterdag, så er det kanskje på sin plass med litt snø..?
Eg kjenner at eg er klar for vinter no...klar til å pakke kroppen inn i lag på lag med gode og varme ullplagg...det beste som finst for både store og små! Eg gler meg til dagar med tussmørke og kulde ute og varme og hygge inne, med fyr i omnen, masse stearinljos og noko varmt i koppen...og rom for småsysling.   




Dei fleste plantane mine står fint enno...vel, dei takkar nok for seg no når snø og kulde har meldt sin ankomst. Eg har hatt lyst til å kjøpe både lyng og andre høst-og vinterplantar ei god stund allereie, men synest det ville vere synd å kaste plantar i full bløming, så eg har utsete og utsete innkjøpa...håpar berre eg får tak i det eg hadde tenkt meg, no då:)
Det vert nok ein tur på hagesenteret ganske snarleg, tenker eg...deretter kan eg kose meg med årets siste planteøkt ute.




Plenklypping, derimot, vert det fint lite av framover...heldigvis.
No får graset gå i dvale, tenker eg...
Eg får heller nøye meg med...




å feste og klyppe trådar...
Å feste lause trådar er noko av det kjedelegaste eg veit...




...noko alle dei ferdigstrikka smetteskjerfa i "Bestemorkorga", vitnar om...hihi:)
Eg har samla opp ein heil haug av desse skjerfa no, så det er vel på tide å gjere dei heilt ferdige, sånn at dei kan brukast av nokon. Har lyst til å pynte dei litt, på ein eller annan måte, også...vel, eg har ikkje nokon bestemte planar...får sjå kva eg finn på.




Så i kveld er det opp i sofaen og fram med nål og saks, for her skal alle trådar festast og klyppast av!

Og sjølvsagt skal det slappast av, også!

Ha ein fin vinterkveld der ute!