torsdag 31. desember 2009

Eit nytt år




No går eg 
inn i det heilt nye året
med små skritt
og 
nyfikne augo








Godt nyttår til alle!

Og takk for det gamle!





fredag 25. desember 2009

Fyrste dag



 



 



 Julekvelden vart koseleg, god og fredeleg.
Eg hadde ei roleg feiring saman med Dunnismannen og Dunnisbabyen, med god tid til både førebuingar, matlaging og avslapning.

Nokre pakkar vart det sjølvsagt denne kvelden, òg, sjølv om det meste vart opna Minijulaftan forrige laurdag.
Sakna sjølvsagt dei to eldste borna ekstra, kan skjøna...


Trass i sakn, hadde me ein god julekveld.


Dagen i dag starta med ein tur på legevakten med Dunnisbabyen, som diverre har vorte sjuk att. Hadde mistanke om at noko var på veg seint i går kveld, og då ho vakna grytidleg i dag med høg feber, bar det avgarde på legevakten att, etter ein rask konsultasjon på telefon med sjukepleiar. 

Vert rolege innedagar hjå oss nokre dagar framover, no.


Vil få ynske alle saman ei fortsatt 

God Jol!




onsdag 23. desember 2009

Vetlajolaftan






 


 

Bilete: Weheartit

Det er dagen før dagen: Vetlajolaftan, seier me på min dialekt. Vanlegvis brukar denne dagen å vere nokså travel for min del, men i år er det ikkje eit einaste snev av travelheit å oppspore...
Her i huset feira me jul, eller "Minijul" som me valgte å kalle det for, forrige laurdag. Treet vart pynta fredagen, huset vaska og pynta, og Jola gjekk av stabelen laurdagen og sundagen. Dei to eldste borna vakna opp til jolestrømpar på sengekanten og kasta seg med ein gong over innhaldet i desse. Tidleg frukost vart innteken, dette avdi eldstejenta og Dunnismammmen skulle avgarde på handballkamp. Medan dei var på denne, ordna eg siste rest av førebuingar og starta på julemiddagen.
Utpå ettermiddagen lukta det som det brukar å gjere på Jolaftan: ei herleg blanding av røykt kjøt, risgrynsgraut og søt raud saus...
Tidleg på kvelden sat me nybada og stivpynta til bords. På menyen stod Eldhusrøykt pinnakjøt frå Evanger med vossakorv, mandelpoteter, kålrabistappe, surkål og rødkål som tilbehør...og sjølvsagt masse raudbrus. Til dessert var det sjølvsagt riskrem med raud saus.

Oppvask fyrst, pakker etterpå! Hugsar du? Slik var det i alle høve då eg var lita...og det var uendeleg lenge å vente...
Endeleg, etter ein god halvtime på kjøkkenet, var det tid for opning av pakkene!
Ei og ei pakke vert gjeve og opna...slik får alle med seg kva som vert gjeve og ifrå kven...veldig fin tradisjon, synest eg...kan ta veldig lang tid dersom ein er mange samla, men ein har det vel ikkje travelt på Jolaftan, vel..?
Det var noko merkeleg å feire slik på forskudd, men samstundes var det godt også, då spesielt med tanke på at dei to eldste snart skulle vere hjå faren i to veker.
Sundagen var nesten akkurat som 1 joledag, eg hadde til og med kjensla av at det var fyrste dag. Lang god frukost, deretter rask støvsuging av papirestar og så var det kos, avslapning og leik.
I år er me så heldige å ha kvit jol i Bergen, og det må sjølvsagt benyttast, så sundagen bar det ut i akebakken...kaldt!...men utruleg kjekt!
Utpå kvelden vart dei to eldste borna henta av faren...det var sjølvsagt litt trist å sende dei avgårde, men samstundes veit eg at dei har det godt og så ser eg dei jo snart att.


Vetlajolaftan går for min del med til småinnkjøp...hovedsakleg av blomar og snop...
og så et eg middag i byen;)
I kveld skal eg for ein gong skuld få med meg heile Hovmesteren og grevinnen...
Og så skal eg ta meg ein kommentarrunde her inne... men no må eg skunde meg sakte...bussen går om ein liten halvtime;)


Ha ei fin Vetlajolaftan!






lørdag 19. desember 2009

Det snør, det snør...



 Vinter
Kvit og vakker


Det snør...
eg kjenner det er godt...
Kaldt
kvitt
og 
stille...
men samstundes 
så mjukt
og
lunande...
eg kjenner meg 
glad
og roleg.







 



 



 



 



 






Bilete: Weheartit




torsdag 10. desember 2009

Myrkt og tyst

 








 



Kjem eg nokon gong til å venne meg til, at dei to største borna mine ikkje bur hjå meg heile tida? 
I dag er det veldig vanskeleg å slå seg til ro med at det er slik det skal vere i mange år framover. 
Tyst og tomt er det utan dei, og trass i at eg har Dunnisbabyen liggande ved brystet mitt akkurat no, så kjenner eg meg litt tom og trist...har eg lov til det...er eg ikkje veldig sjølvmedlidande og sjølvsentrert no?...det er jo så mange der ute som har det verre på mange måtar og som opplever så mykje vondt. Eg burde kanskje fokusere på det positive oppi dette...t.d at eg får meir tid til meg sjølv og Dunnisbabyen...sjølvsagt er det fint, men likevel, eg kjenner meg liksom ikkje heilt heil, på eit vis.

Det er mogeleg at eg går og kjenner ekstra på dette tomrommet no, fordi eg veit at eg snart skal feire mi fyrste jul utan dei og at eg forberedar meg, på eit eller anna vis. 
Kvir meg skikkeleg til jul i år, eg...no har eg sagt det!...men kjenner at eg på eit vis ikkje har lov til det...å kvi meg, altså, fordi det ikkje er heilt rettferdig mot Dunnisbabyen og Dunnismannen...heller ikkje mot dei to største Dunnisborna. Eg har sjølvsagt ikkje sagt til Dunnisborna at eg kvir meg til jul...men me har snakka litt saman om korleis det vil verte for oss alle denne jula. Eg har fortalt at eg sjølvsagt vil sakne dei, men at eg kjem til å ha det kjempebra, likevel. 
Eg føler at det er det rette å sei...vel, det at eg kjem til å ha det kjempebra...vel, eg veit ikkje heilt...kall det gjerne ei velmeint lita kvit løgn. Eg vil jo sjølvsagt ikkje at dei skal gå rundt i fjorten dagar, oppe i Nord, og tenke på at mamma kvir seg til jul og er lei seg innimellom, og ja, nesten berre har lyst til å hoppe over jula i år...ja, for det er det eg kjenner akkurat no...mogeleg litt farga av at barnerommet er så myrkt og tyst i kveld...
...så eg måtte nett tenne litt julelys der inne og setje døra på gløtt...

...og kjenner at det hjelper ein smule.






 









tirsdag 8. desember 2009

Julekonfekt



"Søte karameller små, er det beste vi kan få...", syng som kjent Karius og Baktus...og når det nærmar seg jul, gjer eg det, òg. Vanlegvis brukar eg å lage fløytekaramellar til jul, både til å gje vekk i gåve og til å fylle opp i godteskåler og andre høvelege stader rundt omkring. I år veit eg ikkje riktig om eg gidd å stå over gryta og røre i timesvis på denne karamellmassen...i tilfelle må eg finne meg ei ny oppskrift...på "lynkaramellar"...nokon som har oppskrift på slike?

I går laga Dunnisguten og eg "Kardemommatryffel", som det så fint heiter på svensk...brukte ei oppskrift eg fann i eit svensk blad, og trøflane vart både gode på smak og fine å sjå på...sjå berre her!



 




 




 




 


  
Her har du oppskrifta...
på svensk, 
ikkje fordi eg ikkje gidd å oversetje, 
men fordi eg synest svensk er eit slikt vakkert språk..;)




Kardemummatryffel


35-40 stykk


200 g mörk choklad gärna med
60-70 % kakaohalt
50 g smör
1 1/2 dl crème fraiche
1 msk honung
1 tsk mald kardemumma


1. Smält chokladen och smöret i en skål över 
ett sjuande vattenbad. Rör ner crème fraiche, 
honung och kardemumma. Låt krämen stå 
och svalna i kylen utan att stelna.

2. Spritsa ut praliner i stadiga formar och 
dekorera om du önskar.

3. Låt de färdiga pralinerna stelna i kylen.



Hej då!




fredag 4. desember 2009

Julegåver







 


 


 


 


I morgon tek eg med meg det fyrste lasset med julegåver til avlevering. Desse har eg hatt liggande ferdig innpakka ei god stund, allereie.

I år har eg brukt litt ulike innpakningspapir, band og pakkelappar. Her har eg brukt eit  mønstrete innpakningspapir eg kjøpe på Panduro i sommar, einsfarga kvitt papir kjøpt på Åhléns og ganske tradisjonelle pakkeband, men med litt utypiske julefargar, kanskje...
Pakkelappane er dei som verkeleg set kruna på verket, synest eg...
Hjartepakkelappane har eg kjøpt inne på blogbutikken: CHERRY BLOSSOM SHOP. Dama bak denne er Cherryblossomgirl med bloggen Cherry Blossom
Ta ein titt innom då, vel!


Synest pakkelappane passa utruleg godt både til det mønstrete papiret og til heilt einsfarge kvitt papir.

Ha ei fin adventshelg!




tirsdag 1. desember 2009

Adventskalendar



Det er fyrste desember i dag (kveld) og nedteljinga er i gang for fullt, både for store og små...kanskje mest for dei små her i huset...eg for min del, synest tida fram mot desember og jul alltid går for fort og håpar at tida kan gå litt sakte no framover...

Etter å ha stressa litt rundt ei stund...i år, som i fjor og åra før, fekk eg klargjort og hengt opp ungane sine adventskalendarar, seint i går kveld, men i tide... dette året, òg...puh! 
Eg angrar kvart år på at eg har begitt meg ut på dette med gåvekalendar. Som oftast slår denne angeren inn for fullt når eg skal finne gåve nr femten, seksten...sånn ca...for då har eg som oftast sluppe opp for idear og er i ferd med å bryte prinsippet om å ikkje overstige 20 kroner pr gåve...
Ja, eg kan levande sjå det for meg...eg står i ein eller annan butikk og riv og slit meg i håret, i takt med at både oppfinnsamheit og kreativitet byrjar å ta slutt...
Skjønar det, at eg ynskjer så gjerne at gåvene skal vere både nyttige og kjekke, og ikkje minst kunne brukast...ikkje berre ende opp i ei eller annan kasse eller krok.

På den andre sida, så må eg jo innrømma at eg kosar meg litt med å leite etter nyttige og kjekke ting & tang òg, då...og så er det koseleg å sitte og pakke inn, på seine kvelden, i all hemmelegheit. Dessutan gjer forventningsfulle fjes...overraska fjes...ja, fornøyde og blide fjes at eg synest det er verdt med litt "kaving" og nokre hårstrå mindre..:)


Dunnisguten har hatt adventskalendar sidan han var to år. 
Eg måla eit gamalt nykkelskåp frå IKEA, fyrst med litt brunt på alle kantar, deretter eit par strøk med ein matt kvitmaling eg hadde liggande, før eg pussa lett med sandpapir på alle hjørner og kantar. Til slutt pynta eg skapet med eit litt nostalgisk glansbilete, hadde eit par strøk med matt decoupagelakk over dette og adventsskapet var klart til bruk.
Det ligg ei gåve i skapet kvar dag fram til jul :)





 







 


Kalendaren til Dunnisjenta vart kjøpt på Kremmarhuset, for i alle fall åtte år sidan...eg kan faktisk ikkje hugse om ho var to eller tre år fyrste året ho hadde kalendar. 
Denne er i grunnen både fin og praktisk, med små lommer ein kan putte gåvene oppi.
Lommene er kanskje litt i minste laget...som du sikkert ser på bileta under...burde det ikkje vere nok med at gåvene skal vere både nyttige og kjekke..? 
...må dei vere i ein bestemt størrelse i tillegg, liksom :)



 


 


 

  
Ha ein fin 2 desember!


Ps! Jammen hadde Dunnismannen laga gåvekalendar til Dunnismor i år...lucky me!