søndag 29. november 2009

Fyrste sundag i advent





 


 


Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og lyser for seg selv
og oss som er til stede.
så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede. 


Denne fyrste sundagen i advent er snart omme. Dagen starta med tidleg frukost, deretter bar det avgarde til handballkamp på heimebane, med siger til heimelaget...jippi!!! Etterpå var det heim att...for å slappe av resten av dagen. Deileg torskegryte til middag og vaniljeis til kaffien...og sjølvsagt kveiking av det fyrste lyset. 


Ha ei fin adventstid!




torsdag 26. november 2009

Utfordring 2




Eg har fått ei ny utfordring, denne gongen av Min Morfars Hus.

Denne utfordringa er ikkje så ulik den eg fekk av MammaBlogg fra Australia for berre litt sidan, men kva gjer no det! Sidan eg synest det er slik stas med slike utfordringar, tek eg denne òg, eg...dessutan så kan eg velge bilete denne gongen, og det er jo kjekt..:)
No har du sikkert skjøna at utfordringa går ut på å finne fram bilete frå fotomappene mine..:)
Denne gongen skal eg velge eit bilete frå mappe fire og eit frå mappe sju...fritt valg, som sagt! 

Då eg bestemte meg for å begynne å blogge i september, var eg i grunnen litt usikker på kva eg skulle blogge om...skulle det vere ei slags dagbok der eg dokumenterte dagens innhald i tekst og bilete, eller ein stad der eg kunne fylle på med alt mogeleg uavhengig av tid og rom...Kanskje eg skulle blogge kun om interiør eller handarbeid, eller kva med ein fotoblogg...tek jo vanvittig med bilete, då. Vel, eg bestemte meg til slutt for å vere litt "brei" og at bloggen skulle famne om:



D agleglig

U undring

N ytt

N ostalgi

I nteriør

S kapertrang

M ammaliv

o g

R ett som det er...


Så mykje interiør har det ikkje vorte enno, så...



...på biletet frå mappe fire, får du ein liten titt inn på soverommet mitt. Der inne heng det nokre bilete...dei to øverste kjøpte eg for mange år sidan, på eit blomsterbinderi i heimbygda mi, og det nederste biletet har eg teikna sjølv.








Så stoppa eg opp ved dette biletet, i mappe sju, av to søte Fil de Fer lykter kjøpt på ein interiørbutikk i Bergen...hugsar ikkje namnet på butikken no i farta..:)










 Eg har sett at denne utfordringa har gått rundt omkring ei stund no, så eg sender den vidare til dei som måtte ynskje å ta den ;)

 



søndag 22. november 2009

Barnerom




Stort hus på landet, 
med mykje plass og mange rom, 
er noko eg lenge har drøymt om. 
I kveld drøymer eg om barnerom...






 


 


 


 


 

Photo: marie claire maison



onsdag 18. november 2009

Sophie la girafe







Sophie la girafe



For nokre dagar sidan bestilte eg denne lille sjiraffen til DUNNISbabyen, på nettbutikken Lykkeland, og i dag dumpa pakken, med lille Sophie la girafe oppi, ned i postkassen. Eg hadde nesten gløymt heile sjiraffen, eg, så dette muntra meg skikkeleg opp på ein dag med både øm arm, hovudverk og ekstrem trøttheit...etter vaksinen mandag.
Sophie la girafe såg dagens lys i Paris 25 mai 1961 og vart designa av ein herremann ved navnet Monsieur Rampeau,
og sidan den gong har ho vorte gitt i gåve til millionar av born verda over. Årleg vert det solgt over 800.000 eksemplar av Sophie la girafe og 6 av 10 nyfødte franske babyar får denne i gåve.
Eg møtte Sophie la girafe fyrste gong i 1992, då eg jobba som au pair i...ja, nettopp Paris. Lille Benjamin, som eg passa, hadde som så mange andre franske born, fått denne sjiraffen i gåve... til å sjå, tygge, lukte og føle på.
Eg kan hugse at eg synest giraffen var kjempesøt og at eg godt kunne tenke meg ein sjølv, men det vart aldri til at eg kjøpte henne med heim til Noreg.
17 år etter sit eg altså her og ser på denne søte lille Sophie og er kjempespent på om DUNNISbabyen vil like ho...
for...
Sophie la girafe er ei barneleike som passar ypperleg for småbarn med såre gommar.
Sophie er full av oppdagingar og aktivitetar som vekker sansane til barnet;


 Syn:
Dei myrke flekkane på Sophie sin kropp og dei svarte augo hennar, skapar visuell stimulu og gjer sjiraffen godt gjenkjenneleg for barnet.

Hørsel:
Når barnet klemmer på Sophie høyrer det ein pipelyd som stimulerer hørselen og som hjelper barnet til å forstå samanhengen mellom handling og årsak.

Smak:
Sophie er veldig fleksibel og mjuk, og har fleire stader som babyen kan tygge på (øyrer, horn, bein), og ho er perfekt for å roe ned barnet sine såre gommer når tennene kjem.
Sjiraffen er handlaga i dei franske alpane av 100% naturgummi (ftalatfri)og måla med matmåling, og er heilt trygg å bite på.

Kjenne på:
Shopie la girafe er perfekt for små babyhender å halde i. Ho er veldig lett, og dei lange beina og halsen hennar gjer det enkelt for barnet å ta tak i ho og gripe rundt henne.
Sophie er veldig mjuk å ta på, akkurat som mammas hud, og stimulerer til beroligande psykologisk og emosjonell respons hjå barnet.

Lukt:
Den spesielle lukta av søt naturgummi frå Hévéa-treet gjer Sophie heilt spesiell, og gjer det lett for barnet ditt å identifisere og skilje Sophie frå alle dei andre leikene sine.





Sophie i fin gåvepakke

 

På tur i sofaen

 

Sophie møter DUNNISbabyen

 


Je suis mignonne!




Vert anbefalt av



tirsdag 17. november 2009

Vaksinasjon

Då var det gjort!









 






   



Då var alle unnteken DUNNISbabyen vaksinerte mot svineinfluensa. Bergen Kommune utvida onsdag i forrige veke tilbodet om vaksine mot A(H1N1)-svineinfluensa til å omfatte nye grupper, ei av desse gruppene er 'husstandsmedlemmer rundt spedbarn under 6 månader', og sidan DUNNISbabyen ikkje er meir enn litt over 3 månader, så kunne me altså i går ta turen til ein av dei vaksinasjonsstasjonane Bergen Kommune har oppretta, nærmare bestemt Brann Stadion, for å få tatt vaksinen.

Eg må innrømma at eg har vore ein smule...berre ein pitteliten smule, altså...skeptisk til denne nye vaksinen, spesielt etter alt eg har lese og høyrt, samtidig er eg jo fullstendig klar over at media har ein lei tendens til å blåse opp alle enkeltsaker og fokusere på død og dødstal, så eg bestemte meg egentleg ganske tidleg for at eg kom til å ta vaksinen så snart det vart min tur. Eg vel å stole på helsemyndigheiter og forskarar og den dokumentasjonen dei kjem med. Vaksinen vert faktisk framstilt med ein tradisjonell, godt utprøvd metode, og er godkjent i heile Europa basert på ei vurdering av dokumentasjon av vaksinens effekt og sikkerheit. Ved å ta vaksinen beskyttar eg meg sjølv, hindrar spredning av smitte til risikogrupper, familiemedlemmer og andre nære kontaktar. I går ettermiddag reiste me altså til "Stadion", med gratis vaksinebuss og greier, for å få eit lite stikk... og eg må sei eg vart utruleg imponert over det opplegget som Bergen kommune har oppretta, det var skikkeleg proffesjonelt, og ikkje var det noko særleg med kø heller, så det heile gjekk temmeleg kjapt. Likevel, helsepersonellet hadde god tid til oss, både før og etter stikket, så eg kjende meg både trygg og godt ivareteken, dessutan vart det utøvd god pedagogikk..;)
No sit eg her, både letta og glad, kun med øm arm, elles ingen andre bivirkningar...får berre håpe eg ikkje vert sjuk no, då...er jo ikkje heilt immun før om eit par-tre veker.





lørdag 14. november 2009

Regn, regn, regn, regn...

Det regnar i dag...



 

 

 

 



Bilete: Weheartit.com

Då var godvêrsperioden over for denne gongen. Me har hatt ein laaang periode med tørt og fint vêr her i Bergen by, det var nesten for godt til å vere sant, me er ikkje bortskjemt med opphaldsvêr i denne byen, akkurat.
No både regnar og bles det godt ute...vinden ruskar godt i trekrunene og regnet piskar mot ruta...er i grunnen litt koseleg også, synest eg. No kan eg krype godt opp i sofaen, finne fram strikketøyet, eller ei bok, og varme meg med ein kopp med noko varmt og godt oppi...har i grunnen ikkje så mykje anna å ta meg til, heller, no når forkjølelsesviruset herjar i kroppen.

Her er eit kjent og kjært dikt av Sigbjørn Obstfelder.

Regn

En er enn, og to er to-
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vått,
deilig og rått!
En er en, og to er to-
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikke, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.


fredag 13. november 2009

UTFORDRING


Eg har fått mi fyrste utfordring...
Utfordringa fekk eg av MammaBlogg fra Australia 
...for ei lita stund sidan.



Det hele går altså ut på å...:

1. Gå inn på mappa "Mine Bilete"
 2. Velg den 4. eller 7. mappa.
3. Finn frem det 4. eller 7. biletet.
4. Sett inn biletet i eit innlegg, og skriv litt om det.
5. Utfordre 5 nye, legg ut ein link til dei du utfordrar, og gje dei beskjed om utfordringa.


Alle bileta eg har liggande på maskina eg brukar no, er ikkje meir enn ca eit år gamle..kjøpte ny pc i sommar, så her får ein ikkje noko djupdykk i arkivet...

Her er
Bilete 4
i
mappe 7:






Bilete av eit skogholt...og ein snarveg.
Tok dette biletet i september i år på veg til butikken.
Har teke ein god del bilete av dette skogholtet og av trea der...spesielt vakkert er det om våren når trea er kledd i lysegrønt...vakkert om høsten òg, sjølvsagt...når bladverket har skifta drakt til haustfargar.

DUNNISguten kallar skogholtet for "Drageskogen"
...skjønar...at det bur små dragar der, som ein må stiltre seg forbi...
...dei er ikkje farlege, berre snille...


Eg gjev denne utfordringa vidare til:


Passelig dose
Blåbærpai sin vesle blogg
Cherry Blossom
Pink Lady And The Polkadots
Maison Victoria


Dersom dei vil då, så klart..:)



mandag 9. november 2009

DUNNISMoR signerer...




 



 

 

 


Har sett det er mange som har signatur inne på bloggen sin, så eg tenkte eg skulle prøve det eg, òg...
Eg er ikkje akkurat god på sånne saker, men eg fann gode råd og veiledning inne på Noe på Hjertet...Takk Jorid! Etter å ha lese instruksjonane ørten gongar, notert ned det viktigaste og gått gjennom fleire rundar med kopiering, liming, atter kopiering, saksing og liming...puhh!!!...så fekk eg det til...til slutt. 

Resten av kvelden går med til strikketøyet, kaffi og fjernsyn.





 

 
  
Bileta er lånt frå Weheartit.com
 


søndag 8. november 2009

Farsdag



Gratulera med dagen alle fedre i ulike variantar!





Farsdag 1954
Kilde: Scanpix



Saksa dette om farsdag frå Wikipedia:

Farsdagen er en hedersdag for fedre. I Norge feires farsdagen den andre søndagen i november, det vil si søndag 8. november i 2009, og søndag 14. november i 2010.
På farsdagen er det tradisjon å gjøre «stas» på faren sin. Det kan være ved å gi ham frokost på senga, en gave, eller ganske enkelt å gratulere ham med farsdagen.
Opprinnelig kommer konseptet rundt farsdagen fra USA, og det ble først populært i Norden og Norge etter andre verdenskrig. Det var først fru John B. Dodd fra Washington som begynte å feire denne dagen i 1909 for å ære sin far, William Smart, en veteran fra borgerkrigen.




Her i heimen har far fått frukost på senga, gave, kort, teikningar og marsipankake.
Me har kosa oss med Natt på Museet 1 &
2
og
slappa av... skikkeleg "slaraffenfarsdag"...


Til slutt, eit lite farsdag dikt:



Til den kjære pappa`n min
Fra den lille jenten/gutten din
Jeg vil alltid se opp til deg
Du er et godt forbilde for meg
Jeg håper at når jeg blir stor
At dine egenskaper i meg bor
Du gir meg alt jeg trenger
Ikke bare i form av penger
Du gir meg omsorg, varme og kjærlighet
Og en ting er sikkert at jeg vet
Du betyr så veldig mye for meg
Jeg er kjempeglad i deg





DUNNISMoR




Vinn tøybleier inne på den fine nettbutikken Eddabedda!!!






 
Heng deg på! Dette kan du lese om konkurransen inne på nettsida:

Velkommen til Eddabedda!

Du kan verta den heldige vinnaren av eit av 2 AppleCheeks Mini Testar i valfri farge!
Det du må gjera er å lage ei lenkje til butikken vår på blogg/heimesida/ facebook-profilen, og skrive nokre få ord om kvifor du kunne tenkje deg å prøve/ vinne AppleCheeks tøybleier. Du må gjerne skrive på veggen på gruppa vår óg ;) Etterpå må du sende ein e-post til post@eddabedda.com med ei lenkje til det du har posta. Flott om du får med namn og telefonnr. óg ;) Du er velkommen til å invitere så mangen du vil til å vera med i konkurransen. Konkurransa varar ut november.
AppleCheeks Mini Test er ein prøvepakke på tøybleier, kor du får ei lommebleie/ sperrelag og 3 stk 2-lags hampinnlegg. Dette held til 3 bleieskift. Verdien er 470,- pr. Mini Test.



Eg vil gjerne vere med i denne konkurransen, altså!
Med ei tulle på tre månader, flyg den eine plastposen etter den andre, stappfulle med brukte papirbleier, ut dørene her heime. 
Eg må innrømma, at det er med dårlegare og dårlegare samvit eg gjer dette. Eg er jo elles ganske flink til å sortere avfall og resirkulere...dét som det er mogelegheit for å sortere/resirkulere her i Bergen by då, sjølvsagt. 
Dessutan brukar eg mest mogeleg sparepærer, har sparedusj, slår av lyset i rom eg ikkje skal opphalde meg i, kjøper innimellom både brukte klede og møblar, brukar om att baby -og barnetøy...(til nr tre, no), tørkar tøy ute eller på tørkeloftet...(ja, eg har tørketrommel, men prøver å begrense bruken...må jo spare straum, òg), kjøper økologisk av og til...( skulle ynskje det ikkje var så dyrt...kvifor må det vere det, egentleg?), tek bussen mest mogeleg og så brukar eg...ja, høyr no...vaskeklutar av tøy istadenfor våtserviettar.., men trur du eg brukar tøybleier istadenfor papirbleier..? Nei, det kan eg ikkje skryte på meg...ironisk nok! 
Eg driv alstå på og produserer tonnevis med bleieavfall...og det er eg absolutt ikkje stolt av. 
Er eg lat, kanskje?
Er det ikkje meir lettvindt med papirbleier? 
Eller er det berre dét, at eg innbiller meg, at det er meir pes med desse tøybleiene..? 
Eller veit eg at det er meir styr? 
Eg har jo prøvd med tøybleier før...i ein månad eller to...

Då eg vart mor for fyrste gong, bestemte eg meg for at eg berre skulle bruke tøybleier. Eg kjøpte inn flanellbleier; sånne firkanta som fortsatt vert brukt på dei fleste fødeavdelingar rundt omkring i Noreg, og så kjøpte eg tilsvarande like mange gazklutar og plastsnippar...må vel òg nemna at dette var i 1998, fordi om det kanskje høyrest ut som om det kunne ha vore 1973 (året eg kom til verda, forresten). Alt dette gjorde eg, fordi eg ikkje visste om andre "tøybleiealternativ", og så var det jo dét mamma hadde brukt og anbefalte meg å bruke òg, då :)
Det varte i knappe to månader. 
Om det var fordi ungen skeit for mykje, eller om det vart for mykje klesvask, kan ein jo lure på...trur det var litt begge delar...og så er eg så passa ærleg, at eg innrømmer at det vart for tungvint med min "tøybleievariant".
Fanst det forresten formsydde bleier i 1998? 
Eg veit det var nokon som strikka bleiebukser til å ha utanpå tøybleia...eg brukte jo, som sagt,  plastsnippar og brillebukser utanpå, trass i at eg faktisk er god til å strikke..:)

Mykje har skjedd sidan den tid.
Sjå berre inne på
EDDABEDDA
 !!!


DUNNISMoR
MoR
Til 
3
Villig til å prøve AppleCheeks!!!

Bra for miljøet
Bra for stumpen

pengepungen!





"Dette vert gøy!"

fredag 6. november 2009

Blomkarsen

Me teljer 6 november og det er ifylje primstaven vinter, trass i at temperaturen på dagtid har vore noko mild her i Bergen dei siste dagane. 
Ute, 
i ei av urnene mine på altanen, 
står Blomkarsen fortsatt i full blomstring...
det er til og med ein del knoppar som ikkje har sprunge ut enno...
er ikkje sikkert dei kjem til å gjere det, heller...
for før ein veit ordet av det, kjem frostnettene...
Eg skunda meg difor, 
henta saksa, 
og klypte inn nokre av desse 
"etternølarane". 
No står dei oppi den fine, vetle vasen som eg arva då eg var lita jente.




 

 

 

 

 




Ha ei riktig god helg!