mandag 29. oktober 2012

Til salgs





Bilde av altanen


Leiligheita som me har budd i, i litt over fire år, er no til salgs. Det er diverre litt lite bevegelse på markedet no i slutten av oktober, så i kveld vert det andre visningsrunde. Eg held på å rydde og vaske litt...vert ein del fingermerker etter treåringen iløpet av ei veke :) Me har diverre ikkje fått overteke huset enno, men satsar på at dokumenta som ikkje er godkjende, vert stempla i løpet av dei nærmaste dagane...berre eg får overta i god til før jul, så...
Vinter vart det jammen, òg! Men har høyrt rykte om at det ikkje skal vare... 
Likar snøen, eg!
Nei, no må eg få svinga meg med vaskekosten, så vert det kanskje tid til litt strikking etterpå :)

For å sjå bilder inne på finn.no klikkar du



God mandag!

torsdag 27. september 2012

Me flyttar på landet


i heilt nytt hus! Endeleg har draumen om eige hus gått i oppfyllelse. Etter fire år i ei trang leiligheit, var det verkeleg på tide å få noko større...65 kvm delt på fem er ikkje all verda, men det er utruleg kva ein venner seg til, dessutan vert ein ganske god på praktiske løysingar og å stable i høgda :) No vert det andre bollar; alle ungane får eige rom, og det vert slutt på å stå som sild i tønne på badet om morgonen, for me får næmlig to bad...reine luksusen. Loftsstove (les: fars spillebule) og gjesterom (les: mors hobbyrom) får me, òg...og VASKEROM!!!...det er nesten ikkje til å tru :) Framover no vert det mykje arbeid og seine kveldar på meg og mannen; her skal ryddast, sorterast, kastast, gis vekk, pakkast og flyttast, så må det vaskast og stylast, før me kan selga....puh! Mykje å gjere og mykje å tenke på, men eg veit det ordnar seg til slutt...det brukar å gjere det. I dag har eg hatt 3 forskjellige meglarar på befaring, så me er godt i gang. Pakkinga er me så vidt i gang med, også. 8-åringen pakka Briotogbanen sin same dagen me fekk tilslaget på huset, så det lovar godt. Som sagt er det mykje me ikkje kjem til å ta med oss på flyttelasset, for eg har ein visjon om å leve med færre ting...eg drøymer i alle høve om det...spørst om eg får det til...eg som tek vare på det meste...men, og dette er eit stort men, eg har øva meg på å gje vekk, i små dosar, riktignok, men det er no ein begynnelse.

Eg er så glad og gler meg som eit barn!

Draumar går i oppfyllelse!











Noko bilete av Dunnishuset har eg ikkje for handa i dag, så de får kose dykk med nokre Instagram augneblink frå dagane som var.

Ha ein fortreffeleg torsdag!


tirsdag 6. september 2011

September og dei små tinga. Sweet Love på ein måte.









Det er september og mange månader sidan eg sist posta eit innlegg på bloggen. Ei stund var eg ikkje ein gong innom blogger...eg orka rett og slett ikkje, men etter kvart som tida gjekk kikka eg meg litt meir rundt, la gjerne att ein kommentar eller to, eller vart med på ein og annan giveaway...ja, sånn var det...ikkje nokke meir enn det.  Ingen spesielle ynskjer om å skrive sjølv, eller blogge, om du vil. Eg mangla motivasjon og tiltakslyst, og vurderte ofte om eg rett og slett skulle legge ned heile bloggen.
Eg klarer ikkje å bestemme meg, så inntil vidare gjer eg ikkje nokke med det. Kan hende eg friskar opp med eit og anna innlegg i ny og ne.


Fokus i livet mitt no er å vere med familie & vener og å delta på aktivitetar med ungane,
vere ute i naturen og nyte den...suge den inn,
gå tur, trene og komme i enno bedre form, 
lage og ete mat som er bra for meg og mine, 
finne att gleda i det eg gledde meg over før
og 
kjenne at eg vert ivrig og får lyst til å skape når eg ser eit fantastisk fint garn eller tøystykke.







 Kjenner at eg er i bedre form.
Kan jogge til og med :)
Kan hoppe, sprette og springe saman med ungane.
Er friskare enn på lenge.
Kjenner eit lite sug når eg ser fine strikkeoppskrifter eller får hjartebank når eg får auga på eit kult retrostoff.

Forelskar meg att
dei små
tinga.


"Vær tro mot de små tingene. Det er i dem styrken din ligger"

Mother Theresa








Tusen takk til alle som har lagt att fine ord til meg under forrige innlegg. Det varmar og eg set verkeleg pris på det:) 
Det er godt å kjenne at andre bryr seg.


Håpar du får ein fin dag!


torsdag 20. januar 2011

Eit lite hjartesukk, småjusteringar og litt soverom






 Eg har gjort nokre småendringar i malutforminga på bloggen i det siste; våga meg til å velge ein litt breiare mal...gulp!...og det gjekk heldigvis bra...er så redd for at ting og tang skal forsvinne når eg byrjar med sånne endringar, skjønar du. No får eg endeleg heile bileta med når eg velger ekstra store bilete, også:)
Eg får ikkje bloggtittel og bloggbeskrivelse heilt der eg vil ha dei...skulle gjerne hatt dei meir midt på sida, men kan diverre ikkje dette med html-koding...er ikkje så avansert av meg...skulle ynskje eg var meir datakyndig, altså:)
Dersom det er nokken som har tips om korleis eg kan få plassert bloggtittel og bloggbeskrivelse meir midt på sidaså tek eg meir enn gjerne imot tips om det, altså:)






Vågar meg òg til å fortelje at...

Dagane elles går med til mykje kvile...
Eg har vore sjukemeldt ei god stund no...
aktiv den siste månaden, fordi eg så gjerne VIL jobbe...men kva hjelper det, når kroppen slett ikkje maktar enkelte dagar..?

No er eg så frykteleg sliten, trøtt og lei!
 

Etter fleire månader med utredning, vert ein så utruleg sliten av å gå rundt sånn i uvisse.
Håpar spesialisten eg skal til i slutten av månaden finn ut av kva det kan vere som ikkje fungerer som det skal...
og at eg kan få svar...

*håper*

*ynskjer*

Eg vil så gjerne fungere og kjenne meg frisk og rask att...
sånn at eg kan hoppe og sprette rundt saman med ungane...
både vél og lenge...
og 
seksåringen
 heller spør om me ikkje snart kan ta ein pause...
istaden for å spyrje om eg er sliten, trøtt eller sjuk...
for det skal jo ikkje vere slik at ein nesten ikkje orkar noko som helst...skal det vel?











Sånn flyt dagane stort sett forbi...
Eg vil så mykje, men får gjort så lite. Har mange tankar, idear og planar, men akkurat no vert ikkje så mykje gjort, hverken av det eine eller det andre, og det er på ein måte greit, tenker eg...får ta det att når tida er inne...

 Og her på bloggen...
ja, her vara adventskalendaren ifjor til 18 desember...(prøver att i år:) Og stemningsinnlegg frå jul og romjul og planar om årskavalkade vart berre med tanken.
Og som start på det nye året, hadde eg tenkt meg eit sånt:

"Nytt år-
nye mogelegheiter-
omskifningar og planar-om-både-det-eine-og-det-andre-innlegg" ;),

men 

istadenfor vart det rett og slett:

Eit lite hjartesukk ifrå meg, altså...

eit aldri så lite "syteinnlegg" i startgropa på det nye året.



Men ikkje utan håp, sjølvsagt...det gjeld å halde håpet oppe og tenke positivt, ikkje sant?


"Every cloud has a silverlining"


"Keep calm and carry on"


Forresten, eg vart ganske fornøyd med småjusteringane på bloggen, kva synest du?

Og jammen fekk de ein liten kikk inn på soverommet, også :)

Straks fredag att!

God fredag og god helg til alle som tittar innom!
  

lørdag 18. desember 2010

Kongerøykelse








 Lukta av kongerøykelse høyrer med både i adventstida og i jula, synest eg. Eg kjøpte dette røykelsesstativet, med dei hellige tre kongar, på eit apoteket for ti år sidan, og har brukt det kvart år sidan...dette er altså ein ganske ny tradisjon for min del og ikkje ein tradisjon eg vaks opp med.
Eg tok det fram og pussa det 1 desember, men så har eg heilt gløymt å tenne på...
heilt til i kveld...no har lukta av kongerøykelse spredd seg i stova; ei herleg blanding av blomar og krydder...
kjenner eg kjem i julestemning og
gler meg til jul...







Og tenk, no er det ikkje lenge att til julaftan!
Berre 5 heile dagar:)


fredag 17. desember 2010

Nissejenta












 I dag var det nissefest i barnehagen og Dunnislille var lita rødnissejente. Forklekjole med underkjole og rød fløyelsbukse frå Kappahl, Storesytera si Putti Plutti Pottnisselue, eit par strikkalabbar og storebror sine prinsetøfler...og nisseantrekket var i boks. 
Eg må innrømma at eg vart lettare stressa i går, då eg brått kom på at det skulle vere nissefest fredagen...og eg verken hadde tenkt på eller leita fram nokon av storesøskena sine gamle nisseantrekk...har jo x antal nissepyjamasar i ulike størrelsar og blånisseklede i alle variantar osv, men diverre svært så liten oversikt i år. 
Og for å gjere det litt enkelt for meg sjølv, reiste eg rett og slett på Åsane senter og kjøpte litt nytt. Nissekostymar og nissepyjamasar i rette størrelsen var ikkje å oppdrive...litt seint ute, kanskje, men eg fann heldigvis ein kjole som både kan vere nisse- og julekjole...to fluger i ein smekk...hihi! Ganske så fornøyd med det kjøpet. 
Bileta er tekne i barnehagen, i ettermiddag, då eg kom for å hente ei glad og utkvilt jente, som slettes ikkje ville gå heim, men heller ville rusle rundt i barnehagen og utforske alt mogeleg. 
Nissejenta vart til slutt påkledd under høglytte protestar...og  eg gjekk ut av barnehagen med eit litt stivt smil om munnen og  ein liten nisse under armen..;)
Sånn er det med den saken!
Heldigvis vart nissejenta fort blid att:)







God natt og sov søtt!


onsdag 15. desember 2010

Førjulskos







 Mor og barn er endeleg friske att etter å ha vore fullstendig slått ut av omgangssjuke...av ein særs hissig variant, òg...huff! Alt vert brått sett på vent, og ein lyt berre finne seg i å halde senga til det verste er over...og slett ikkje tenke på alt ein skal ha gjort til jul...ja, sånn som ørten innkjøp av alle mogelege slag, baking, vasking, pynting og mange andre førebuingar...nei, ein lyt tillate seg å vere sjuk og heller senke på krava.

Og når ein er frisk att...
kan ein koke seg ein god kopp te av beste sort:

Dilmah Green Tea Maroccan Mint...

som faktisk smakar ekstra godt utav ein lyseblå GreenGate kopp med kvite prikkar...

og riktig kose seg:)

Og gjerne pynte berre pittelitt...
med
ein søt liten trefigur av mammabambi og babybambi, som forresten berre kosar seg i denne førjulstida.




Trefiruren av desse søte bambiane, var eg så heldig å finne på eit loppemarked i fjor haust...trur eg betalte eit par kroner for den. Synest den passar fint som pynt i denne årstida me er inne i no, og kanskje spesielt godt som julepynt:)

Ha ei koseleg natt!


søndag 12. desember 2010

Lussekattar




 I kveld har har eg baka lussekattar til morgondagen. Dunnisguten skal gå i Luciatog på skulen, og då me for ei stund sidan fekk lappe med heim med forespørsel om nokon ville bidra med baking, så meldte eg meg med glede. Eg likar å bake, og spesielt kjekt er det sjølvsagt når ein lykkast med deigen og resultatet vert både fint å sjå på og ikkje minst smakar godt.
  Oppskrifta eg har brukt denne gongen, er skulen si...ja, ho  fylgde med brevet me fekk. Eg har tidlegare prøvd ut fleire ulike oppskrifter, men no trur eg jammen at eg har fått ei som eg kjem til å bruke i åra framover, for denne var knakande god...og det vart lussekattane, òg:)
Planen for morgondagen, som var Luciafrukost i barnehagen, må diverre gå ut, for Dunnislille har mest sannsynleg fått omgangssjuke...
Eg har heldigvis baka så mykje at me har lussekattar til oss sjølve, også...
så eg får ta Luciafrukosten heime i morgon... 













Ha ei god natt!

Ps! Dersom det er nokon som er interessert i oppskrifta eg har brukt, så deler eg ho meir enn gjerne :)


fredag 10. desember 2010

Papirstjerne







I vindauga på kjøkenet mitt heng det ei raud papirstjerne, kjøpt på Åhlèns for mange herrens år sidan...eg trur jammen det er ei av dei fyrste papirstjernene som kom på markedet...i alle høve i Noreg. Kvart år heng eg ho opp 30 november, og så vert ho hengande heilt til jula vert heve ut, og det er som oftast ikkje før langt uti januar...så ho er godt brukt, med andre ord...og ganske slitt i kantane etter kvart. Dei to-tre siste åra har eg  gått og sett på alle dei fine papirstjernene som etterkvart har kome i butikkane, og tenkt at no er det på tide å kjøpa ei ny...kanskje ei kvit...eller ei lilla...ja, kvifor ikkje ei svart med litt sylv eller gull på?
Som du ser, det vart ikkje noko ny stjerne i år heller...eg har fortsatt den gode gamle raude med små hjarter og dråpar på...ho høyrer liksom heime på kjøkenet i advents- og juletida.
Men eg kan jo alltids kjøpe ei ny papirstjerne til barnerommet, ikkje sant? Tenkjer eg må ta meg ein tur innom Åhlèns i morgon.
I morgon skal eg forresten på julebord med jobben, også, og det gler eg meg veldig til, for det er evigheiter sidan eg har vore ute på selskapelegheiter.

I kveld dristar eg meg til å vise litt av kjøkenet mitt, og ser du godt etter, kan du sjå speilbiletet mitt i vindauga, også...og ei diger vaskefille og zaloflaska..hihi! Tenkjer eg må ynskje meg både Durance oppvasksmiddel og Maison belle Dishes pour nöel...eller kanskje Maison Belle Window wash er det eg treng aller mest...hihi!
 


 


Ynskjer alle ei riktig god natt!


torsdag 9. desember 2010

Svibel










 Svibel, eller hyacint om du vil, er på plass i heimen. Dette er uvanleg...vanlegvis kjøper eg inn halvdrevne plantar rundt den 21 desember, og ventar ofte til lillejulaftan med å ta dei inn i varmen og sette dei i potter, vasar, dekorasjonar og lignande. Kvifor det? Ja, det kan du sei! Ville vel spare alt til Julaftan og romjula, akkurat sånn som med pinnekjøtet, tenkjer eg. 
Men det vert så frykteleg mykje å gjere lillejulaftan, om eg skal vente med alt for å spare lukter og smakar...og berre for å halde på ein tradisjon.
 Dessutan, freistinga vart for stor, eg klarte ikkje å stå imot. I går kjøpte eg meg 1! svibel hjå ein blomsterforhandlar i byen...25 kroner betalte eg...heilt sikkert mykje billegare på plantasjen, men eg gidd ikkje reise heilt ut dit for berre 1! svibel, dessutan kunne eg vorte freista til å kjøpe enno fleire, ja, veldig mange;) 
 Foreløbig held det med ein.







 Eg fjerna lett og forsiktig jorda og sette enkelt og greit svibelen
oppi 
ja,...
eit
noregsglas.
Pass berre på at vatnet ikkje kjem opp på sjølve løken!(bunnen går fint)
 Eg har festa ein god gamaldags pakkelapp rundt glaset med litt hyssing og deretter skreiv eg ut " Svibel" på Dymoen...i juleraudt...og klistra på. 
Eg tykkjer dette gjev eit reint, enkelt og naturleg utrykk, dessutan gjev det jo eit litt gamaldags preg, og det likar eg.
 Og så er det jo veldig kjekt for Dunnisguten, som held på å lære seg å leseat mammaen merkar ting og tang i heimen med små lappar med ord. 






Ein ung svibel, midt på det gamle respatexbordet,
til 
glede og begeistring...

Gler meg til han blømer og sprer herleg lukt i rommet.

God natt!