mandag 22. mars 2010

Spania











Eg har plukka ut eit lite knippe bilete frå Spaniaturen i byrjinga av mars. I dag har eg sett igjennom alle bileta me tok på turen og kjende at eg lengta attende...
Me hadde ei opplevelsesrik veke der nede, og eg trur nok at eg kjem til å reise ned att, om eg skulle få mogelegheita til det, men då vil eg reise om sumaren.
Me budde midt oppi appelsinlundene like i nærleiken av Alfaz del Pi. Ikkje langt unna låg byane Altea, Albir og Nucia, og litt lenger unna låg Benidorm. Me var innom alle desse både ein og to gongar, og aller best likte eg gamlebyen i Altea...der var det utruleg fint og nydelege motiv over alt.
Litt sol og varme gjorde utruleg godt...me var så heldige å få nokre dagar med temperaturar opp mot og over 20 pluss...elles var det stort sett overskya og regn. 
Turen var ein deileg forsmak på våren og sumaren...og eg kjem til å leve lenge på denne.
Her heime har snøen endelg sluppe taket og våren er i anmarsj. På laurdag såg eg snøklokker i ein hage, og i går kom ungane inn med greiner med pusekattar...Herleg!
Elles ventar me på svar ifrå forsikringsselskapet ang fuktskaden på soverommet og håpar me snart kan gå igang med oppussing, så me kan flytte inn att...om ikkje så altfor lenge. Frykteleg kjedeleg å gå sånn og vente og ikkje få gjort noko...
Vel, det trengst litt "oppusssing" ute på altanen, òg...og det treng eg ikkje vente med, heldigvis...

Fin veke til alle som kikkar innom!