onsdag 28. april 2010

Løvetann til mamma


"Denne er til deg, mamma!", ropte  DUNNISguten til meg då han kom heim att frå barnehagen  i går ettermiddag.


Ein liten løvetann
med ein kort stilk
akkurat passeleg stor
og 
nesten passeleg lang
til mamma sin minste vase.


Ein akkurat passeleg stor løvetann, plukka av ein  5-åring på veg heim ein ettermiddag.



Mammahjarta vart
stort
og
varmt

Augo vart
blanke
og
våte


Finst det noko vakrare enn eit barn med ein liten løvetann i handa?


*smelt*

















Har du fått blomar frå nokon du er glad i i det siste?

Ha ein fin dag!

tirsdag 27. april 2010

Heldige meg!

Hurra!

I den store giveawayen til FruFly, var eg ein av dei heldige vinnarane som vart trukke ut.
Eg vann eit gavekort frå En gul knapp
og gjett om eg er glad...ja, hoppande glad, faktisk!
En gul knapp er ein av favorittbutikkane mine her i Bergen, så dette var midt i blinken:)
Då eg vart med på giveawayen tenkte eg, at om eg skulle vere så heldig å ha vinnerlukka med meg denne gongen, ville eg nok aller helst vinne dette gåvekortet ...og slik skulle det gå...det hadde ikkje eg trudd...

Jippi!

Takk til HerrFly som sa nummeret på min kommentar!
Og ikkje minst takk til FruFly som hadde denne flotte giveawayen med så mange fantastisk flotte premiar!
Om du ikkje allereie har vore på besøk hjå kreative FruFly, så anbefalar eg deg å ta ein tur...absolutt verdt eit besøk!
Fantastisk inspirerande, givande og fin blogg!



I'm happy today!
Je suis heureuse!
La, la, la...



Foto: Weheartit


Fiiin dag til alle som kikkar innom!


fredag 23. april 2010

Lopper 2




Ein del kjøkkenutstyr vart også med meg heim frå loppis forrige helg. Spesielt godt likar eg potetkuttaren av merket Villa...denne kjem nok til å bli brukt ein god del, er perfekt til å kutte opp grønsaker med til Wok, men også til dip, vil eg tru. Eg må teste han ut ein dag. 
Melittatrakta er vel mest til pynt, men eg kjem kanskje til å tørke støv av ho i ny og ne, og bruke ho til å trakte kaffi rett på termosen. Eg hugsar forresten godt kor godt det lukta på kjøkkenet til besteforeldra mine, då dei trakta kaffi på denne måten.
Den lyseblå korga er plassert oppi den minste vaskekummen på kjøkenet; fin til å ha oppvaskekostar og svampar oppi.
Rivjernet fekk vere med heim fordi det er mykje betre å halde i enn det eg har, dessutan har det fleire funksjonar, òg:)



To bøker: "Alt om hagen - Stauder" og "Om mennesket", var der siste eg kjøpte den dagen.
Fine bøker med flotte bilete og illustrasjonar. 

Ei ny helg står for tur og heile fire loppemarked  går av stabelen i Bergen. Er eg heldig, vert det kanskje tid til ein liten tur innom eit av dei.

God helg til alle som kikkar innom!

mandag 19. april 2010

Lopper


På laurdag kom eg meg endeleg avgårde på eit av byens mange loppemarked som gjekk av stabelen forrige helg. Dunnisjenta var med denne gongen, og då me møtte opp, berre ein liten halvtime etter opningstid, var det allereie stinn brakke, men me lot oss ikkje skremma av den grunn...heller ikkje stresse. Me tok oss god tid, og kikka vel og lenge. Det vart nokre rundar rundt omkring i lokala etter kvart, men me hadde sjølvsagt lagt inn ein aldri så liten kafépause; med kaffi, saft og kaker...for det høyrer med når ein er på loppemarked.
Etter nokre timar sa me oss fornøyde, og jammen hadde me med oss litt av kvart heim att, òg.

 Her er nokre av skattane: 















Fleire lopper og litt meir om bøkene på det fyrste biletet, kjem om litt...


onsdag 7. april 2010

Ein litt sliten tulipan...


står og  
solar 
seg i glaskarmen
strekker 
seg mot sola
og
foldar 
ut dei tørre kronblada sine
og  
kjenner 
kor godt det gjer med 
vårsol
og 
ein 
ny
vår





nett so meg...