For nokre dagar sidan, fekk eg ein kommentar ifrå damene bak Patina Blogg, og i den stod det at dei hadde ein Award til meg inne på bloggen sin.
Eg vart hoppande glad, for dette er ikkje kvardagskost for DUNNISMoR:) Tusen hjarteleg takk til Dykk!!!
Dette set eg verkeleg pris på, og kjenner at det varmar langt inn i hjarterota:)
Og veit de kva...dette er faktisk den fyrste awarden eg får, og derfor vert han ekstra spesiell òg, kjenner eg.
Eg har jo sett at mange har fått denne awarden her inne, men hadde nok ikkje venta å få den sidan eg er nokså ny i Blogglandia.
Dette var ei gledeleg overrasking:)
Anbefalar dykk å ta turen innom Patina Blogg, der er det mykje inspirasjon å hente. Det var forresten gjennom denne bloggen, at eg oppdaga denne verda av bloggar.
Patinadamene driv Brukt- og interiørbutikken Patina på Evanger, dessutan har dei også nettbutikken Patina...som eg har kikka innom gjevnleg i nokre år. I juli i fjor såg eg at dei hadde blogg, også...tenk at eg ikkje oppdaga det før! Vel, eg klikka meg inn på bloggen, deretter inn på ein annar blogg og vidare til neste, og så var eg i gang:)
Det fylgde nokre reglar med denne awarden og dei er som fyljer:
1. Kopier awarden på bloggen din
2. Link til personen som ga deg awarden
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
5. Link til deres blogger
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden
Når det kjem til det å skulle fortelje interessante ting om seg sjølv, synest eg det vert litt utfordrande...det er vel kanskje ikkje det eg synest er det lettaste her i verda...
Og det skulle vise seg at det i fyrste omgang ikkje var så lett å kome på noko interessant, heller...noko interessant for meg , er kanskje ikkje interessant for dei der ute, tenkte eg. Men etter å ha tenkt meg om både ein og to og tre gongar, var det berre til å hive seg uti...
Fyrst "kladde" litt på eit ark...Ja, eg er kladdebok- og blyanttilhengar:)...litt sånn bakvendt når ein berre kan skrive på pc og slette og tilføye etterkvart, men eg likar å skrible enkelte tankar ned på papiret, før eg byrjar å taste...spesielt når eg kjenner at det vert litt utfordrande.
Her kjem i alle høve 7 fakta om meg sjølv:
1: Eg er veldig glad i gamle saker og ting, og får eg valget mellom gamalt og nytt, velger eg som oftast gamalt.
2: Då eg gjekk i 1. gym, kjøpte eg meg symaskin for pengane eg fekk til konfirmasjonen: Ei flunkande ny Bernina 1010, og eg sydde bukser av gamle dynetrekk etter mal av ei gamal herrepyjamasbukse.
3: Bestemor (mormor) lærte meg å strikke då eg var fem-seks år gamal...dette var noko eg masa veldig om å få lære...kan hugse at eg sat og såg på at mamma, bestemor og tante strikka, medan eg snurra garn rundt fingrane og "liksomstrikka". Bestemor var ei veldig tålmodig dame og meinte nok at eg absolutt kunne få prøve meg litt, sjølv om eg ikkje var eldre enn 5 år. Ho lærte meg også å karde ull og å spinne tynt garn på den gamle rokken ho hadde etter mor si. Eg var forresten så heldig å få arve denne gamle rokken.
4: Eg har vore aktiv innan langrenn og friidrett. Eit år vart eg Vossameister i kulestøt.
5: Har budd eit år i husbåt på Seinen i Paris...og er nokså frankofil.
6: Eg elskar lukta av nye blad og bøker. (Gamle luktar ikkje like godt)
7: Er livredd både kyr og edderkoppar, trass i at eg vaks opp på bondelandet.
Vidare så skulle ein altså velge 7 bloggar ein vil gje denne Awarden vidare til, og
dei som får awarden ifrå meg, er desse kreative, inspirerande og dyktige damene:
Elles vil eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått i det siste, det er utruleg kjekt, og eg set veldig pris på kvar einaste ein:))
Eg har ikkje vore så veldig aktiv her inne sjølv i det siste, verken på min eigen eller andre sine bloggar...har no vore rundt å kikka litt, sjølvsagt, men det har stort sett vorte med det...har heller ikkje lagt att så mange spor etter meg, for å seie det sånn, men alt dette er vel kanskje noko som går litt i bølgedalar, som det gjer med så mykje anna her i livet. Det skal både tid, rom, inspirasjon, lyst og humør til for å halde på med denne blogginga, og det er no slik, at ein stundom manglar både det eine og det andre.
No må eg få skunda meg å publisere dette innlegget, og deretter informere alle dei eg har sendt awarden vidare til:)
Ha ein fin mandag!!