torsdag 9. desember 2010

Svibel










 Svibel, eller hyacint om du vil, er på plass i heimen. Dette er uvanleg...vanlegvis kjøper eg inn halvdrevne plantar rundt den 21 desember, og ventar ofte til lillejulaftan med å ta dei inn i varmen og sette dei i potter, vasar, dekorasjonar og lignande. Kvifor det? Ja, det kan du sei! Ville vel spare alt til Julaftan og romjula, akkurat sånn som med pinnekjøtet, tenkjer eg. 
Men det vert så frykteleg mykje å gjere lillejulaftan, om eg skal vente med alt for å spare lukter og smakar...og berre for å halde på ein tradisjon.
 Dessutan, freistinga vart for stor, eg klarte ikkje å stå imot. I går kjøpte eg meg 1! svibel hjå ein blomsterforhandlar i byen...25 kroner betalte eg...heilt sikkert mykje billegare på plantasjen, men eg gidd ikkje reise heilt ut dit for berre 1! svibel, dessutan kunne eg vorte freista til å kjøpe enno fleire, ja, veldig mange;) 
 Foreløbig held det med ein.







 Eg fjerna lett og forsiktig jorda og sette enkelt og greit svibelen
oppi 
ja,...
eit
noregsglas.
Pass berre på at vatnet ikkje kjem opp på sjølve løken!(bunnen går fint)
 Eg har festa ein god gamaldags pakkelapp rundt glaset med litt hyssing og deretter skreiv eg ut " Svibel" på Dymoen...i juleraudt...og klistra på. 
Eg tykkjer dette gjev eit reint, enkelt og naturleg utrykk, dessutan gjev det jo eit litt gamaldags preg, og det likar eg.
 Og så er det jo veldig kjekt for Dunnisguten, som held på å lære seg å leseat mammaen merkar ting og tang i heimen med små lappar med ord. 






Ein ung svibel, midt på det gamle respatexbordet,
til 
glede og begeistring...

Gler meg til han blømer og sprer herleg lukt i rommet.

God natt!


2 kommentarer:

Rosa sa...

Åh, so fint og enkelt! Klarar dei seg utan jord, altså?

Eg kjøpte to stk i forrige veke (for meg er det ikkje tradisjonelt sett ein joleblom), og den eine har begynt å blomstre idag - eg gler meg til den gode lukta! Vatning og sånn har eg ikkje peiling på - ikkje vatn oppe på løken, som vil sei kun vatning nede i potta?

Vakre bilder i forrige innlegg også. Det er kjekt å gå langs vegen å knipse, særleg når det er så mykje å kvile augene på.

God natt, Dunnismor :)

giraffmamma sa...

Jeg fylte opp med svibler her, og nå lukter det nok i overkant svibel i stua.... hi hi, men skikkelig jul og! Litt dumt for mannen som er allergisk så de må ut av og til. Ja ja svibel er jul for meg!