lørdag 4. desember 2010

Julekalendar og sjokolade









 I år som i fjor og året før har dei to største ungane fått pakkekalendar. Klok av skade, kjøpte eg ein del småting på salg allereie i januar i år, så siste veka av november vart ikkje like kaotisk og kavete som tidlegare år. 

Dunnisguten har adventsskap kor han finn ei pakke kvar dag. Eg måla eit gamalt nøkkelskap frå Ikea, pussa det litt ned og découperte(kan ein skrive det, mon tru?)det med eit glansbilete.

Dunnisjenta sin kalendarløpar med påsydde lommer er kjøpt på Kremmerhuset for mange år sidan...eg skal ikkje skryte på meg at eg har sydd han sjølv;)




 Tidlegare har eg pakka inn gåvene i gråpapir eller heilt kvitt innpakningsspapir, men i år har eg slått til med polkadots...skikkeleg julete:)




 Dunnislille får ikkje pakkekalendar enno, det tykkjer eg ho er for lita til. Ho er sjølvsagt veldig glad i pakker, det er ikkje det, men det er no enno slik at ho er mest glad i å pakke opp og rive papiret i tusen bittebitte små betar, for deretter å strø dei rundt overalt. Det som er inni pakken er slett ikkje alltid like spanande og kjekt, kan skjøne.

Men...

Ho har fått sjokoladekalendar!
Og det elskar ho!
Altså det som er inni...

Sjokolade!



 Og når ho har opna ei luke og verkeleg kosa seg med sjokoladebeten...ja, for ho puttar ikkje heile inn i munnen i eit jafs...åh nei, ho tek bittesmå bet om gongen,...vel, kor var eg?...Ja, så ropar ho: Meimei!(det betyr altså meir, men det skjøna du sikkert;)
Det er jammen ikkje lett å forklare ei sjokoladehekta tulle på seksten månader at ho berre kan få ein gong kvar dag...
 Stadig vekk er ho å finne i gangen, ho klatrar opp på krakken som står under kalendaren, strekker seg så lang ho er og ropar:

Mei!

Sjokolade kan ho ikkje sei enno, men me øver kvar dag;



Eit smil seier meir enn tusen ord!

Ha ei god natt!
Og hugs å pusse tennene;)


5 kommentarer:

giraffmamma sa...

Åååå så søtt! Vanskelig det der med en hver dag, selv for voksne....Og en liten bit er jo egentlig bare litt erting ;) Fin jente og fine bilder! Lurt med adventskap!

Cherry Blossom Girl sa...

Herlig, herlig, heeerlig!
Så skjønn dunnislille er!!!
Er så koselig å se at du er tilbake for fullt!
Glad klem fra meg med ønske om en fortsatt fiiin helg!

Shy B sa...

Eg trur du trygt kan vente med pakkekalender til ho vert større! Lurt med adventsskap :)

Pia sa...

Så søt ho er! Tror på det der at ho blir helta på sjokolade, ja...Vesla vår får ikke kalender, og jeg har prøvd å styre unna godterier. Men nå har ho skjønt at det finnes - gutta har begynt å gi ho litt...Sjokolade faller absolutt i smak, og når vi tar fram is ler ho høyt av glede! Ja, ho går gode tider i møte nå i jula;)

Cherry Blossom Girl sa...

Jeg tror du får kjøpt Tine K fasett glass hos de fleste interiørbutikker som forhandler Tine K produkter. Jeg har kjøpt mine på en liten butikk i Oslo som heter CountryChic. Men jeg vet at også Home & Cottage har disse. Du kan jo prøve deg på nettbutikker som CorneliasHus og BaBazar feks.. Håper du får tak i noen. De er så utrolig vakre med lys i, både sommer og vinter! Fiiin adventssøndag til deg ♥