mandag 6. desember 2010

Uro





  Fire av konglene eg plukka i skogen, heng no og dinglar på ein uro, saman med nokre origamifuglar i grått, lilla og lys rosalilla, som forresten er fargane eg har valgt å bruke elles på uroen, også.
Eg laga fyrst ein ring av litt tjukk ståltråd, og rundt denne surra eg glitrande lilla blomstertreng, som eg samstundes tredde perler innpå og plasserte med passeleg avstand. Rundt der att surra eg eit tynt band og laga til oppheng med same bandet.
Eg festa blomstertråd rundt stilken på konglene, pynta med nokre perler og festa dei i ringen...med sånn ca. lik avstand...for å skape likevekt;)




 Origami er ein favoritt. Eg begynte så smått med enkle figurar for ti år sidan og har i løpet av åra lært å brette mykje forskjellig av ulik vanskelegheitsgrad.
Då eg byrja med origami, var det veldig vanskeleg å få tak i skikkeleg origamipapir, hugsar eg...eg brukte både printepapir, matpapir og anna papir av litt tynn kvalitet eg kom over.
Etter kvart vart det heldigvis lettare å få kjøpt ekte origamipapir i Noreg, òg, og no får ein det nesten overalt. Eg har kjøpt mitt på Mint(ein butikk som diverre vart nedlagt) og  på Panduro, trur eg.




 Eg har sydd med vanleg sytråd (dobbel) gjennom Origamifuglane, berre festa ei litt stor perle både under og over for å halde dei på plass på tråden, og denne er så festa i eit band av same type band som opphenget er laga av og så festa i midten av dette.




 I enden av uroen er det perler og ei lita sylvbjelle...
*klinge-linge-ling*
Trådendane har eg valgt å la vere litt sånn tilfeldig klypt av, likar det sånn, eg:)



 



 Som de ser har eg hengt uroen opp på vitrineskapet mitt, mest fordi det var der det var best fotolys. Det er ikkje lett å få  gode bilete no i denne mørke årstida, så bileta vert deretter. 

I dag rakk eg rett og slett ikkje dagslyset. For det fyrste sov eg faktisk heilt til tolv...vel, eg var oppe halv sju for å hjelpe Dunnismannen med å kome seg avgårde med Dunnislille, men med dundrande migrene, måtte eg berre gå å legge meg att...og for det andre så var der berre tre timar att med dagslys då eg fyrst hadde stått opp...sånn er det med det:)




Tenker eg får finne ein meir egna stad til uroen i morgon, men inntil vidare får han henge på skapet og dingle.

Ei riktig god natt til alle!



4 kommentarer:

Heidi sa...

Nydelig, rett og slett!

Barbros lille atelier sa...

Kjempefin uro du har laget!

Ingvild sa...

En knall god ide! Du er kjempeflink!
Håper migreneanfallet er over nå!

Klem,I

linn sa...

aldeles nydeleg! :O)