onsdag 24. februar 2010

Blånissevotten



Blånissevotten til Dunnisguten er ute i snøstormen saman med maken sin. Dei varmar akkurat no eit par fem år gamle hender på veg til barnehagen. Mon tru om dei allereie er like dekka av snø som på biletet over...for ute lavar det ned; svære snøkjerringar...tett i tett...
Varme og gode er i alle høve hendene som er inni vottane, for slike tova vottar er tjukke og gode og så å sei vanntette. Me hadde nesten gløymt at me hadde desse i hus, heilt til me fekk denne lange og snørike vinteren, og alle andre vottar, av ulike slag, viste seg å ikkje vere verken varme eller tette nok...i alle høve ikkje til ein femåring som leikar i snøen i timesvis.
Eg har ikkje strikka dei sjølv, trass i at eg gjerne kunne gjort det. Desse vottane var ei gåve til Dunnisjenta på den tida då blånissefeberen herja landet fyrste gongen. Hugsar du? 
Men eg har strikka fem blånisseluer, ein gensar og ein halsvarmar, og kan hugse at det etter kvart vart vanskeleg å få tak i både garn og pinnar i rette tjukkelsen...ja, for brått skulle alle strikke blånisseklede...strikkekunsten fekk seg ein skikkelg oppsving på den tida.

No må eg leite fram eit par tova vottar til meg sjølv, for eg skal nemleg ut i dag...med barnevogn...puh!

Ha ein snørik og fin onsdag!


6 kommentarer:

cherryblossomgirl sa...

Hei kjære du!
Så vakkert bilde! Det så iiisende kaldt ut ...vakker vinterstemning! Kan tenke meg du gleder deg til å reise til varmere strøk nå...skulle ønske jeg også skulle reise til sol og varme, hadde virkelig trengt en god dose med det nå i disse dager! Brrr...
Ønsker deg en fortsatt fiiin uke, og god tur på fredag!
Ta gjerne med litt sol og varme når du kommer tilbake, kniiis :) Klem fra meg!

Blåbærpai sa...

ja, slike votter har visst me òg! Er dei verkeleg så gode??? Får visst leite dei fram att! Herlighet kor mykje det har snødd her i natt! No er eg lei! Men det hjelper ikkje stort;)) No får eg kle på tre små, så me får kome igang med måkinga!! God tur med barnevogna:)

Rosa sa...

Hei du, og takk for koslege helsingar hjå meg!

me har faktisk ikkje blånissevottar eller noko anna blåniss-isk i hus i heile tatt. Nei, no lyg eg. Storesyster har visst ein stilongs frå Janus med blånissemerke på ;)

Det er heilt absurd kor mykje snø som kjem! Eg er ute og måkar kvar morgon før eg skal på jobb, for rosamannen kan ikkje gjera slikt arbeid med ryggen sin. Då er eg takknemleg for fleksibel arbeidsgjevar ;)

Håpar du og barnevogna kom trygt dit de skulle, og heimatt!

drømmer på landet sa...

Nydelige votter.

Ha en fin kveld,
klem,I

Pia sa...

Blånissene har nok kommet for å bli. Vi har en del blånisseluer, men ingen votter faktisk. Vi kom hjem for litt over et døgn siden, og jeg lengter allerede tilbake til sol og varme...Men nå er det jo straks mars, så kulda må nå snart gi seg.
Ha en flott dag!

Linetoppen. sa...

Flott bilde! Skjønt med små barnevotter. Jeg prøve å nyte vinteren sammen med barna, så får våren komme når den kommer.
Takk for hyggelig melding i bloggen min.
Ha en god helg!
Hilsen Linetoppen