søndag 14. februar 2010

3 på ein gong...

 
  
 
 
  
Bileta er lånt frå: Weheartit & Google

  I dag er det Morsdag, Fastelaven og Valentines day på ein og same dag. Det kan eg ikkje hugse å ha opplevd før, men det kan sjølvsagt vere at det berre har gått meg hus forbi...
Her i huset vert det ikkje markert noko serleg...kanskje eg dreg i hus ein bjørkekvist og pyntar med nokre kvite fjør, eller finn på å lage noko ekstra godt til middag...det vert nok mest avslapning her i stova, for formen er diverre ikkje heilt på topp i dag.
Elles så har det seg slik at dei to eldste er hjå faren denne helga, så det å feire morsdag utan dei...vel, det kjennes litt løye og feil på eit vis...skulle gjerne hatt dei her. Dunnisbabyen er sjølvsagt her, men ho er litt lita til å forstå seg på dette med morsdag, og ikkje er ho stor nok til verken å teikne eller skrive enno, heller...(morsdagskort), trass i at ho rett som det er tek eit skikkeleg grep om dei hårtustane mora har att etter eit halvt år med amming...:) Og fastalavensbollar er nok litt sterk kost for ho enno, må nok nøye seg med hirsegraut ei god stund til, tenker eg.
I dag vert det altså enno meir amming, strikking, middag, kaffi...kanskje med noko attåt (må sjå kva eg har i skuffene....mandlar, rosiner og svisker, kanskje...hihi!), tv-seriar, film, og total avslapning;
perfekt sundag!

Ha ein fin sundag til alle der ute, enten du feirar morsdag, fastelaven, alle hjerters dag eller alle på ein gong!



7 kommentarer:

Blåbærpai sa...

hei på deg du!!
Tillukke med morsdagen, du flinke mamma:))
her er alle ungene hjå pappen, så ingen feiring av korkje det eine eller andre..Forstår deg godt at du tykkjer det er rart,same her. skull egjerne bakt boller men gidd ikkje berre til meg;)) Prøver å få gjort under nokre små og store turvande gjeremål i heimen istaden.
Likte veldig godt teksten på biletet du viser..eg tykkjer det er vemodig med valentines dagen, uten mann og greier. Men den teksten gjorde meg glad likevel!!:)
Kos deg med veslejenta!Klem:))
oi og so ser eg du har ein award under her..den får eg kome tilbake til!

linn sa...

nydelege bilete du har funne.

Høyres ut som du har ein herleg dag,
nyt det!

Det er det slike dagar er til for.

Her har det vore bollebesøk, så no slappar eg av med å kikke innom fine bloggar, herleg :O)

*klemmar til deg*

Fru Fly * Heidi sa...

Hei søte du!
Tross at halve flokken din ute av hiet, håper jeg at dagen har vært fin. Høres veldig koselig ut med amming og strikking:) Dunnisbabyen sin nærhet er en fin morsdagsgave - med og uten lugging..*hihi* Jeg har sovet leeenge, så har vi spist boller og muffins, og hatt besøk av våre mødre:) Klem Heidi

Cherry Blossom Blog sa...

Hei kjære du!
Håper du hadde en skjønn helg!
Vi var på tur i det fiiine solskinnet og jeg fikk tatt meg tid til å ta noen vakre landskapsbilder ved sjøen! Som balsam for sjelen det!

Nydelige bilder du viser her, og jeg likte godt det med teksten...Det var en glad og fin tekst ♥

Ønsker deg en fiiin ukestart!
Klem fra meg ♥

Ingvild sa...

Håper du hadde en fin søndag likevel selv om de to eldste ikke var hjemme!

Stor klem,I

Marie sa...

Hei!
Saa fint at dere koste dere!
I Australia feires morsdagen i mars, saa det tok en liten "hint hint"- tekstmelding fra mamma for aa minne meg paa hvilken dag det var.. Uff, og fastelavn gikk meg ogsaa hus forbi...
Klem fra Marie :)

ieva jansone sa...

i really like the combination of the first 2 pictures!!