onsdag 23. desember 2009

Vetlajolaftan






 


 

Bilete: Weheartit

Det er dagen før dagen: Vetlajolaftan, seier me på min dialekt. Vanlegvis brukar denne dagen å vere nokså travel for min del, men i år er det ikkje eit einaste snev av travelheit å oppspore...
Her i huset feira me jul, eller "Minijul" som me valgte å kalle det for, forrige laurdag. Treet vart pynta fredagen, huset vaska og pynta, og Jola gjekk av stabelen laurdagen og sundagen. Dei to eldste borna vakna opp til jolestrømpar på sengekanten og kasta seg med ein gong over innhaldet i desse. Tidleg frukost vart innteken, dette avdi eldstejenta og Dunnismammmen skulle avgarde på handballkamp. Medan dei var på denne, ordna eg siste rest av førebuingar og starta på julemiddagen.
Utpå ettermiddagen lukta det som det brukar å gjere på Jolaftan: ei herleg blanding av røykt kjøt, risgrynsgraut og søt raud saus...
Tidleg på kvelden sat me nybada og stivpynta til bords. På menyen stod Eldhusrøykt pinnakjøt frå Evanger med vossakorv, mandelpoteter, kålrabistappe, surkål og rødkål som tilbehør...og sjølvsagt masse raudbrus. Til dessert var det sjølvsagt riskrem med raud saus.

Oppvask fyrst, pakker etterpå! Hugsar du? Slik var det i alle høve då eg var lita...og det var uendeleg lenge å vente...
Endeleg, etter ein god halvtime på kjøkkenet, var det tid for opning av pakkene!
Ei og ei pakke vert gjeve og opna...slik får alle med seg kva som vert gjeve og ifrå kven...veldig fin tradisjon, synest eg...kan ta veldig lang tid dersom ein er mange samla, men ein har det vel ikkje travelt på Jolaftan, vel..?
Det var noko merkeleg å feire slik på forskudd, men samstundes var det godt også, då spesielt med tanke på at dei to eldste snart skulle vere hjå faren i to veker.
Sundagen var nesten akkurat som 1 joledag, eg hadde til og med kjensla av at det var fyrste dag. Lang god frukost, deretter rask støvsuging av papirestar og så var det kos, avslapning og leik.
I år er me så heldige å ha kvit jol i Bergen, og det må sjølvsagt benyttast, så sundagen bar det ut i akebakken...kaldt!...men utruleg kjekt!
Utpå kvelden vart dei to eldste borna henta av faren...det var sjølvsagt litt trist å sende dei avgårde, men samstundes veit eg at dei har det godt og så ser eg dei jo snart att.


Vetlajolaftan går for min del med til småinnkjøp...hovedsakleg av blomar og snop...
og så et eg middag i byen;)
I kveld skal eg for ein gong skuld få med meg heile Hovmesteren og grevinnen...
Og så skal eg ta meg ein kommentarrunde her inne... men no må eg skunde meg sakte...bussen går om ein liten halvtime;)


Ha ei fin Vetlajolaftan!






4 kommentarer:

linn sa...

ville berre kikke innom og ønske deg gode juledagar. Las at du gruar deg litt...det tar tid å venne seg til nye tider og tradisjonar. Det har mykje med forhåpningar og minner å gjere. Eg håpar dagane blir gode for deg, sjølv om dei ikkje blir heilt som dei pleier. Slapp av og kos deg med den søte babyen :O)

*gode klemmar frå meg*

Vibeke sa...

kjære dunnismor

tusen tusen takk for verdens beste godis, NAMMMMMMM! tusen takk for koselige ord også, du er god :)

jeg håper at julen kan bringe med seg gode og glade øyeblikk for deg,
varme klemmer fra meg

Cherry Blossom Blog sa...

Goood jul til deg og dine!
Juleklemmer fra meg ♥

Forever Love sa...

God jul til dere!

Klem fra Tonje♥