torsdag 10. desember 2009

Myrkt og tyst

 








 



Kjem eg nokon gong til å venne meg til, at dei to største borna mine ikkje bur hjå meg heile tida? 
I dag er det veldig vanskeleg å slå seg til ro med at det er slik det skal vere i mange år framover. 
Tyst og tomt er det utan dei, og trass i at eg har Dunnisbabyen liggande ved brystet mitt akkurat no, så kjenner eg meg litt tom og trist...har eg lov til det...er eg ikkje veldig sjølvmedlidande og sjølvsentrert no?...det er jo så mange der ute som har det verre på mange måtar og som opplever så mykje vondt. Eg burde kanskje fokusere på det positive oppi dette...t.d at eg får meir tid til meg sjølv og Dunnisbabyen...sjølvsagt er det fint, men likevel, eg kjenner meg liksom ikkje heilt heil, på eit vis.

Det er mogeleg at eg går og kjenner ekstra på dette tomrommet no, fordi eg veit at eg snart skal feire mi fyrste jul utan dei og at eg forberedar meg, på eit eller anna vis. 
Kvir meg skikkeleg til jul i år, eg...no har eg sagt det!...men kjenner at eg på eit vis ikkje har lov til det...å kvi meg, altså, fordi det ikkje er heilt rettferdig mot Dunnisbabyen og Dunnismannen...heller ikkje mot dei to største Dunnisborna. Eg har sjølvsagt ikkje sagt til Dunnisborna at eg kvir meg til jul...men me har snakka litt saman om korleis det vil verte for oss alle denne jula. Eg har fortalt at eg sjølvsagt vil sakne dei, men at eg kjem til å ha det kjempebra, likevel. 
Eg føler at det er det rette å sei...vel, det at eg kjem til å ha det kjempebra...vel, eg veit ikkje heilt...kall det gjerne ei velmeint lita kvit løgn. Eg vil jo sjølvsagt ikkje at dei skal gå rundt i fjorten dagar, oppe i Nord, og tenke på at mamma kvir seg til jul og er lei seg innimellom, og ja, nesten berre har lyst til å hoppe over jula i år...ja, for det er det eg kjenner akkurat no...mogeleg litt farga av at barnerommet er så myrkt og tyst i kveld...
...så eg måtte nett tenne litt julelys der inne og setje døra på gløtt...

...og kjenner at det hjelper ein smule.






 









3 kommentarer:

kristin sa...

Det var så fint og sårt skrive om det du opplever no. Eg forstår tankane dine sjølv om eg ikkje opplever det same. Ynskjer deg ei så god jul likevel, håpar det vert litt fint og!Kristin

Pink Lady sa...

Hei Dunnismor!

Jeg tenker at det er helt naturlig at det er litt sårt og litt trist å ikke få feire jul med barna sine. Og i alle fall når det er første året. Julen er på mange måter noe som blir ekstra hyggelig og fint med barn til stede. Og desto tristere når de ikke er der. Selv om det helt sikkert er mange andre som du bryr deg om og som bryr deg om der:)

Godt at du våger å kjenne litt på disse følelsene.

Jeg vil uansett ønske deg en riktig god jul:) Den blir nok fin på sitt vis.

God klemmer fra Pink Lady

Marie sa...

Uff ,saa trist! Selvsagt har du lov til aa foele det du foeler! Det er sikkert litt deilig aa skrive det her i bloggen, det blir kanskje litt terapi..

Jeg sender deg en varm klem herfra!
Marie