tirsdag 1. desember 2009

Adventskalendar



Det er fyrste desember i dag (kveld) og nedteljinga er i gang for fullt, både for store og små...kanskje mest for dei små her i huset...eg for min del, synest tida fram mot desember og jul alltid går for fort og håpar at tida kan gå litt sakte no framover...

Etter å ha stressa litt rundt ei stund...i år, som i fjor og åra før, fekk eg klargjort og hengt opp ungane sine adventskalendarar, seint i går kveld, men i tide... dette året, òg...puh! 
Eg angrar kvart år på at eg har begitt meg ut på dette med gåvekalendar. Som oftast slår denne angeren inn for fullt når eg skal finne gåve nr femten, seksten...sånn ca...for då har eg som oftast sluppe opp for idear og er i ferd med å bryte prinsippet om å ikkje overstige 20 kroner pr gåve...
Ja, eg kan levande sjå det for meg...eg står i ein eller annan butikk og riv og slit meg i håret, i takt med at både oppfinnsamheit og kreativitet byrjar å ta slutt...
Skjønar det, at eg ynskjer så gjerne at gåvene skal vere både nyttige og kjekke, og ikkje minst kunne brukast...ikkje berre ende opp i ei eller annan kasse eller krok.

På den andre sida, så må eg jo innrømma at eg kosar meg litt med å leite etter nyttige og kjekke ting & tang òg, då...og så er det koseleg å sitte og pakke inn, på seine kvelden, i all hemmelegheit. Dessutan gjer forventningsfulle fjes...overraska fjes...ja, fornøyde og blide fjes at eg synest det er verdt med litt "kaving" og nokre hårstrå mindre..:)


Dunnisguten har hatt adventskalendar sidan han var to år. 
Eg måla eit gamalt nykkelskåp frå IKEA, fyrst med litt brunt på alle kantar, deretter eit par strøk med ein matt kvitmaling eg hadde liggande, før eg pussa lett med sandpapir på alle hjørner og kantar. Til slutt pynta eg skapet med eit litt nostalgisk glansbilete, hadde eit par strøk med matt decoupagelakk over dette og adventsskapet var klart til bruk.
Det ligg ei gåve i skapet kvar dag fram til jul :)





 







 


Kalendaren til Dunnisjenta vart kjøpt på Kremmarhuset, for i alle fall åtte år sidan...eg kan faktisk ikkje hugse om ho var to eller tre år fyrste året ho hadde kalendar. 
Denne er i grunnen både fin og praktisk, med små lommer ein kan putte gåvene oppi.
Lommene er kanskje litt i minste laget...som du sikkert ser på bileta under...burde det ikkje vere nok med at gåvene skal vere både nyttige og kjekke..? 
...må dei vere i ein bestemt størrelse i tillegg, liksom :)



 


 


 

  
Ha ein fin 2 desember!


Ps! Jammen hadde Dunnismannen laga gåvekalendar til Dunnismor i år...lucky me!


4 kommentarer:

Linn sa...

heldig du er som får gåvekalender. Eg får og, men berre på søndagane :O)

No sit eg med stjernene att...fekk det ikkje heilt til i går, men eg vil ikkje gi gi meg!

Dei er så fine så det er absolutt verdt litt strev, lukke til om du og prøver deg :O)

God onsdagskveld til deg.

*klem*

Heidi Margrethe Wangen sa...

Heisann! Og tusen takk for laaang og veldig hyggelig kommentar hos meg:)
Naa er faktisk muffinsene tilbake hos meg igjen! Jippie! Ble litt redd der et lite öyeblikk!
Saa dere planlegger tur til Frankrike. Ikke saa dumt det heller;) Til lavendelaakrene!
Jeg er helt frelst paa Catalunya jeg saaklart! Det er saa mye flott her. Fine byer og landsbyer, strender, mat, folk, natur etc. Vi elsker virkelig aa bo her.
Snakker du helt flytende fransk du da kanskje?
Jeg har endelig faatt ganske saa bra sving paa catalanen etterhvert, men det er et innviklet spraak og det har jammen tatt sin tid med barn som försteprio (har ikke akkurat vaert flink aa gjöre leksene mine...)
Det var virkelig supre kalendere dere hadde da. Jeg likte allerbest den med medisinskapet. Genial ide:)
Ha en straalende dag.
KLEM Heidi.

tepikene sa...

:)

Vibeke sa...

innom for å ønske deg en deilig adventshelg!:)

varm klem