torsdag 1. oktober 2009

...men en liten lue av farvet ull, som hun hadde fått utav mor.





Høstens fyrste strikkeprosjekt er endeleg i gang. 
Eg har kjøpt inn dét nydelege garnet! Jaipur Silk Fino 100% morbærsilke frå BC GARN. Dette garnet er sååå mjukt, lunt og vakkert både å sjå og ta på! 
Aller fyrst har eg byrja på ei djevellue til DUNNISbabyen. Planen er å få stikke opp ein del luer og smetteskjerf etter kvart...kanskje nokon vert pakka inn og lagt under eit juletre, andre lagt til side til andre formål...salg...eller kanskje til og med ein blogboutique..? 
...me får sjå ;)

Morbærsilke er eit nokså dyrt garn...fekk nesten sjokk då eg såg prisen, men garnet var så vakkert at eg berre måtte kjøpe det. Dessutan reknar eg med at 100 gram skulle halde til fleire små strikkeplagg, og då er ikkje prisen så avskrekkande likevel...
Må vere flink til å bruke alle små ledige stunder framover no, då...for jammen har det vore eit kaldt drag i lufta dei siste dagane...og lille DUNNISbabyen må ikkje fryse på det lille, vakre hovudet sitt. 
Kjenner at eg klør i fingrane etter å få strikke og gler meg kjempemasse til å ta lua i bruk. Får håpe eg strikkar stort nok, då...DUNNISbabyen veks jo så fort! 
Det er ikkje alltid like lett å tilpasse ny tråd til ei gamal oppskrift, men eg håpar på det beste og satsar på at ho får brukt lua ei god stund. 

Tynn morbærsilke, tynne strikkepinnar og ein nydeleg lillafarge...dette må verte vakkert!
Kva trur du?


Ha ein fin dag!


Ps!
Og no kikkar sola fram, også...kanskje det er håp om å få kleda som heng på snora tørre...


3 kommentarer:

Duften av erteblomster sa...

Nydelige roser under her!

For et vakkert garn...både garnet i seg selv og fargen. Kan tenke meg at det er en nytelse å strikke med det også :)

Ønsker deg en fin ny uke,
klem

Sverre sa...

Fiiiine bilder, og garnet ser vakkert ut... :) Fin farge! :)

Lappesola sa...

Å, det garnet så helt vidunderlig ut. Og sånne luer er jo de aller beste for små nurk.

Hilsen Sol