tirsdag 6. oktober 2009

Det manglar ein knapp...


















Når det manglar ein knapp og ein ikkje finn han att, må ei fram med knappesamlinga og velge seg ut ein ny som liknar den gamle, eller rett og slett byte dei gamle ut med heilt nye. 
For ei god stund sidan fann eg nokre herlege porselensknappar på ein artig butikk, som no diverre er nedlagt. Mint heitte denne butikken, og han låg nærmare bestemt på strandkaien i Bergen. Der selde dei altså desse fine knappane eg berre måtte ha...ville heilt sikkert få bruk for dei til eit eller anna, ein eller annan gong. Eg må innrømma at dei har lege veldig lenge og venta oppi knappesamlinga, heilt til eg skulle ta på DUNNISbabyen ei av dei kvite sparkebuksene frå Janus, som forresten er både gode og praktiske, og oppdaga at det mangla ein knapp...då kom eg plutseleg på at eg hadde dei liggande. Fram med nål og tråd, av med den gamle som fortsatt hang fast og på med to nye...og vips så hadde sparkebuksa fått ei ansiktsløftning og knappane ei ny stad å vere.
Knappane er Norsk Design av merket Snella & Petronella og er å få tak i fleire stader...mellom anna i nettbutikken deira: www.snellaogpetronella.no. Veldig fin og artig nettside med masse knappar som ventar på å bli sydd fast i noko...ei sparkebukse, ei skjorte eller rett og slett berre som pynt på ei hue.






Papirpose frå den fine butikken Mint. Oppi denne låg...


 

...porselensknapper... 

 

...frå Snella & Petronella <3



Eg har to knappar att som det står "engel" på. Lurar på kor eg skal sy dei fast...kanskje det hadde vore fint med ein på den lilla lua eg strikkar på...saman med fleire knappar i ulike storleikar og lillatonar..?


På tide å krype opp i loppekassa...få seg nokre timar på puta før DUNNISbabyen vaknar og skal ha nattmat.


God natt!



Ingen kommentarer: