torsdag 29. oktober 2009

Fantastisk Funn på Finn

Endeleg fann eg det eg har vore på jakt etter lenge, nemleg spisebord i rette storleiken med ileggsplater og seks stolar til. 
Det er berre heilt fantastisk, og eg er sååå fornøyd og lykkeleg! 
Flaks var det, òg! 
Eg er jo nesten aldri innom Finn lenger no etter at eg fekk augo opp for bloggverda og blogging, før var eg innom nesten dagleg. 
Eg sat altså og las på ein av desse fine interiørbloggane, om ei som er på jakt etter nytt salongbord, men som ikkje har funne det rette enno og derfor tenkte ho skulle kikke etter på Finn...
Hmm, tenkte eg, der er det lenge sidan eg har vore innom... og så...
*svupp* 
så hadde eg klikka meg fram til både Torget, Hordaland og Møbler og der, på øverste annonsa, såg eg bordet og stolane mine...
Eit lite tilbakeblikk:

Eg grip etter mobilen...slår nummeret...kjenner at hjarta slår, og så...
...etter ein kort samtale med selgar, legg eg på, og har altså avtale om å gje han tilbakemelding i løpet av morgondagen, på om eg kan hente bordet i løpet av neste dag eller ikkje...for selgar vil gjene kvitte seg med møblane litt kvikt. Sidan eg verken har bil eller lappen, for den saks skuld, må bil lånast eller leigast, og det litt fort. Eg ringer DUNNISmannen, som akkurat er ferdig på kurs...heldigvis..., og legg fram "nestenkjøpet" og planane mine for morgondagen. Han kan vel ikkje anna enn å sei at han kan køyre, om me får skaffa bil då, vel og merke. Eg har ikkje før lagt på, så ringer selgar att, og informerer om at han har kjempepågang og må få ei rask avklaring på om eg vil ha møblane...han gir meg ein time. Eg ringer DUNNISmannen att...
- Sei at me tek dei, det ordnar seg med bil, seier han. Heseblesen ringer eg selgar nok ein gong: - Eg tek møblane, eg...det ordnar seg med bil, seier eg...osv.
I morgon køyrer me altså for å hente bord og stolar, med lånt bil. Eg har allereie lagt planar for kva anna me kan få ordna i same slengen...ein tur på Ikea f.eks...me har jo lenge snakka om at me treng meir sitjeplass foran fjernsynet...hadde me egentleg ikkje vorte enige om å kjøpe ein to-seter og ein lenestol..? Ein tur innom Barnas hus for å ordne vinterklede og -sko òg, kanskje...
Vel, fyrst og fremst skal me endeleg få i hus spisebord og stolar.
Gler meg!



Bonne nuit!

2 kommentarer:

Frøken Paris sa...

God kveld! Jeg er meget imponert over sjørøvermuffinsen under her. Måtte tom. vise den til min kjære. Og grattis med nytt bord!

Sverre sa...

Gratulerer med nytt bord. Eg har sett det med egne øyne og det var Nuuudelig! :)