onsdag 7. oktober 2009

Studie av Julemagasiner



Voilà! 
KK Julemagasin er her...

 

...fylt opp med masse herlege gåveidéar, interiørtips og handarbeide.

 

...myk pakke eller hard pakke?

 

...ventetid

 
  
...tradisjonelt glanspapir, eller fargesprakande med mønster?

 

Reinsdyrtrend...

 

 Som sagt...
 ...Julemagasina er her!
På min runde i butikken i går, gjekk eg sjølvsagt forbi bladhylla, og fekk då auga på det eg har venta ei lita stund på no:
KK
Dette julemagasinet har eg lese sidan 1998. I Oktober det året fekk eg faktisk bladet i barselgåve, av den eine systera mi, då eg låg på Barselloftet som nybakt mor til DUNNISjenta...og har kjøpt, lese og vorte inspirert av bladet kvart einaste år sidan. Eg kjem i ei heilt spesiell stemning når eg set meg ned med dette bladet... mange minner frå tida som nybakt mor strøymer alltid på... og idet eg blar opp på fyrste sida, kan eg eg kan nesten kjenne lukta av rå, kald haustluft og høyre lyden av høststormar og regn som piskar mot vindauga.
Etter kvart som eg blar, får eg meir ei stemning av vinterkulde og kvitt lys... eg kjenner lukta av snø og fyring, og får bilete av snøtunge tre og stjerneklar natthimmel på netthinna.

 

Sjå kva eg har ståande på den gamle sjenken min...
...året rundt...

...dei er jo prikk like på reinsdyra avbilda i KK. 
Eg kjøpte mine på Kremmerhuset i fjor haust og har hatt dei framme heile tida... dei har til og med vore nokre rundar på ville ritt rundt omkring i huset saman med DUNNISguten...

 

...reinsdyrsimla manglar eg visst.

 

Nydeleg blomsterbukett med amaryllis. I år skal eg i alle fall ha både kvit og raud amarylllis i vindusposten.

Etter middag tek eg turen ut på Plantasjen saman med ein god ven...som har bil...for å kjøpe haustblomar, kanskje dei har fått inn amaryllis allereie...håpar det.
Og når eg kjem heim, kan eg forhåpeltlegvis bla litt til i KK.

Ha ein fin ettermiddag og kveld!
DUNNISMoR

4 kommentarer:

Duften av erteblomster sa...

ble det noe amaryllis?

kjøpte meg julemagasinet til kk her om dagen jeg også og det var fantastisk herlig, fant masse inspirasjon der som jeg håper jeg får satt ut i liv :)

kveldsklem
vibeke

Duften av erteblomster sa...

du kom litt for sent for byttehandelen desverre, var ei som rakk det før deg!

siden du liker lyseblått så lurer jeg på om du kanskje liker den koppen i innlegget under...hvis du har lyst så har jeg et sett til av den som vi kan bytte mot noe søtt...eller surt :) hadde ikke hjerte til å legge ut begge av den i går fordi den er så vakker men jeg bytter den gjerne med deg hvis du liker den :)
ja, jeg synes jammen meg at jeg fikk rydda mye i går!leverte en god del til kirkens bymisjon i dag og jeg kjenner jeg blir så rørt av hvor takknemmelige og glade de er når en leverer inn ting der...jeg leverte brudekjolen min der for noen uker siden istedenfor å legge den ut på finn og brukeren som tok den i mot begynte å gråte for hun ble så rørt og glad :)

ønsker deg en superduper helg dunnismor,
vibeke

Frøken Paris sa...

Jeg skal snart kjøpe høstblomster jeg også -det begynner å bli skralt på balkongen! Ellers lite jul her enda... ikke det samme her liksom uansett.

Og jeg leser over her at Vibeke ga brudekjolen til kirkens bymisjon. Slik et flott initiativ!

Ha en fin helg

Klem

DUNNISMoR sa...

Ja, det er berre heilt fantastisk det Vibeke har gjort...beundringsverdig! Det står det verkeleg respekt av!
Kjempeinitiativ!