søndag 5. desember 2010

Kongler




  

 Då eg var på tur i skogen hin dagen plukka eg med meg desse konglene.


 Konglene skal brukast i ein adventsdekorasjon saman med ulike perler, silkeband og Origamifuglar som eg har bretta.

Tenkte eg skulle lage ein uro...


   Resultatet får du sjå i morgon...fylg med!



Sånn ser det ut utanfor vindauga mitt akkurat no.

Det vart visst eit kort innlegg i dag...vert trøytt av søndagshandling;)

Ha ei god natt!

lørdag 4. desember 2010

Julekalendar og sjokolade









 I år som i fjor og året før har dei to største ungane fått pakkekalendar. Klok av skade, kjøpte eg ein del småting på salg allereie i januar i år, så siste veka av november vart ikkje like kaotisk og kavete som tidlegare år. 

Dunnisguten har adventsskap kor han finn ei pakke kvar dag. Eg måla eit gamalt nøkkelskap frå Ikea, pussa det litt ned og découperte(kan ein skrive det, mon tru?)det med eit glansbilete.

Dunnisjenta sin kalendarløpar med påsydde lommer er kjøpt på Kremmerhuset for mange år sidan...eg skal ikkje skryte på meg at eg har sydd han sjølv;)




 Tidlegare har eg pakka inn gåvene i gråpapir eller heilt kvitt innpakningsspapir, men i år har eg slått til med polkadots...skikkeleg julete:)




 Dunnislille får ikkje pakkekalendar enno, det tykkjer eg ho er for lita til. Ho er sjølvsagt veldig glad i pakker, det er ikkje det, men det er no enno slik at ho er mest glad i å pakke opp og rive papiret i tusen bittebitte små betar, for deretter å strø dei rundt overalt. Det som er inni pakken er slett ikkje alltid like spanande og kjekt, kan skjøne.

Men...

Ho har fått sjokoladekalendar!
Og det elskar ho!
Altså det som er inni...

Sjokolade!



 Og når ho har opna ei luke og verkeleg kosa seg med sjokoladebeten...ja, for ho puttar ikkje heile inn i munnen i eit jafs...åh nei, ho tek bittesmå bet om gongen,...vel, kor var eg?...Ja, så ropar ho: Meimei!(det betyr altså meir, men det skjøna du sikkert;)
Det er jammen ikkje lett å forklare ei sjokoladehekta tulle på seksten månader at ho berre kan få ein gong kvar dag...
 Stadig vekk er ho å finne i gangen, ho klatrar opp på krakken som står under kalendaren, strekker seg så lang ho er og ropar:

Mei!

Sjokolade kan ho ikkje sei enno, men me øver kvar dag;



Eit smil seier meir enn tusen ord!

Ha ei god natt!
Og hugs å pusse tennene;)


fredag 3. desember 2010

Frostvinter






 I ettermiddag kjende eg at eg berre måtte ut... 
Ut på tur i skog og mark. 
Det har vorte mykje innetid i det siste med mykje sjukdom og mangel på energi, men i dag trossa eg både kulde og "vondter" og gjekk meg ein runde i ein times tid...

i bitande kulde
og
skarp luft...
i eit fantastisk lys
og 
ein blendande solnedgang.  

Sjå berre sjølv!
















 Eg luska rundt inne i skogen på jakt etter kongler, mose og anna eg kanskje kunne ta med meg heim, då eg kom over denne vakre isskulpturen...det ser nesten ut som eit Norgesglas der det står og så vakkert reflekterer sollyset.




No ser det jammen ut som det vert ein aldri så liten julekalendar her i år...eg kan ikkje love at det vert innlegg kvar dag, men ein kan alltid håpe:)
Ha ein fin fredagskveld!


torsdag 2. desember 2010

Gyngehestar







 Hugsar du gyngehestane som såg på meg med store, blanke augo då eg pakka opp av adventskassen i går?
Eg hadde jo ikkje hjarta til å hive dei opp att på det iskalde loftet, så no heng den eine på den gamle speigelen eg har arva etter far min..."ungkarsspeigelen" hans, faktisk:)
Eg veit diverre ikkje kor han har fått tak i det eller kor gamalt det er, men han hadde det i alle fall då han møtte mamma...og eg overtok det då eg fekk eige rom i femteklassen. Synest det er fantastisk fint, trass i at det ikkje gjev heilt riktig speilbilete;)
Gyngehesten på Ungkarsspeigelen kjøpte eg på Birte Bo i Bergen for mange år sidan...sånne gyngehestar burde i grunnen vere enkle å lage tenker eg her eg sit...men eg har diverre heldigvis ikkje sirkelsag...eller er det stikksag det heiter?;)
Gyngehesten på biletet under, kjøpte eg faktisk på Sparkjøp i fjor og han står veldig lageleg til for Dunnislille...er ikkje så mykje han har fått stått i ro i dag, egentleg ;)
Adventsstaken bak er kjøpt på Åhléns for nokre år sidan, og er verkeleg etter min smak. Eg har i grunnen ikkje så sansen for desse tradisjonelle i tre med plastmansjettar. 




 Eg har så smått byrja å tenke på årets julekort og knipsar bilete i alle situasjonar for tida. I dag tok eg ein del bilete av Dunnislille då ho sov middagsluren sin...ho sov forresten heilt til halv fire i dag...ho er ikkje heilt i form, så eg lot ho sove heilt til ho vakna av seg sjølv...og det var ikkje så lurt, for ho sovna ikkje før nærmare halv elleve att i kveld.

I fjor rigga eg til eit aldri så lite og enkelt "fotostudio" på foreldresoverommet; med kvite laken, saueskinn og lysslynger...og dei to eldste ungane hadde på seg raude strømpebukser og nisseluer og Dunnislille hadde englevinger og greier...ja det vart ein del artige bilete, men kanskje litt tradisjonelt og oppkonstruert...
I år har eg lyst til å lage litt utradisjonelle julekort og held på å øve meg litt på redigering og montasje...vert spanande.




Ha ei fin natt!
Og sov søtt!

onsdag 1. desember 2010

Adventspynt



 




 Då var desember over oss og ventetida er i gang...like tidleg, om ikkje enno tidlegare enn nokon gong...
Eg brukar vanlegvis ikkje å pynte så mykje i adventstida, bortsett frå adventsstakar, julestjerner i vindaugo, nokre lysslynger og ungane sine julekalendarar, er det ikkje så mykje pynt å oppspore før rett oppunder jul.
Då eg henta ned adventskassen ifrå loftet i går kveld, dukka det opp både bambiar, gyngehestar og raude flugesoppar...hmm! trur eg tenkte at desse skulle det pyntast med tidlegare neste år då eg pakka dei ned i fjor...har nok heilt sikkert vorte dueleg inspirert og påvirka av alle bloggane der ute...hihi!
Både bambiane, gyngehestane og soppane fekk kome inn i varmen...dei såg på meg med store, blanke augo, så eg hadde ikkje hjarta til å putte dei ned att i kassen...vel soppane såg ikkje akkurat på meg, dei liksom nikka til meg, så eg har midlertidleg hengt dei opp på ein snau orkidée:)

Dei fine soppane på bileta fann eg hin dagen, inne på den fine og kjekke butikken Alveslottet, då eg var på jakt etter julekalendergåver til ungane...
men desse kjøpte eg berre til meg sjølv ;)
Synest dei passa godt på kjøkkenbordet og som litt ekstra oppfriskning på norgesglaset med frukostblanding...ikkje sant?

Det lilla bivokslyset laga Dunnisguten med litt hjelp av Dunnismor på det årlege julemarkedet på Nordnes skole i går ettermiddag. 

Fin form! 

Nydeleg farge!

Nydeleg lukt!








No har eg sett fyrste episode av Jul på Månetoppen saman med Dunnisbabyen, som eg heretter for kallar Dunnislille...er jo snart 16 månader. Eg har jo sett Jul på Månetoppen tuuusen gongar før, men koseleg å sjå det att, likevel. Fekk til og med vere med på grisefødsel...akkurat det hadde eg gløymt...greit med litt oppfriskning :)
No er det straks leggetid for Dunnislille
deretter vert det sein middag og tv-seriar...det siste om eg klarar å halde meg vaken ;)

Ein fin fyrste desemberkveld til alle som kikkar innom!


onsdag 20. oktober 2010

Snø og lause trådar






I ettermiddag kom den fyrste snøen. Litt tidleg, kanskje...synest ikkje det er så lenge sidan eg sat ute på altanen i berre t-skjorta og vifta med tærne, men med tanke på at 14 oktober var fyrste vinterdag, så er det kanskje på sin plass med litt snø..?
Eg kjenner at eg er klar for vinter no...klar til å pakke kroppen inn i lag på lag med gode og varme ullplagg...det beste som finst for både store og små! Eg gler meg til dagar med tussmørke og kulde ute og varme og hygge inne, med fyr i omnen, masse stearinljos og noko varmt i koppen...og rom for småsysling.   




Dei fleste plantane mine står fint enno...vel, dei takkar nok for seg no når snø og kulde har meldt sin ankomst. Eg har hatt lyst til å kjøpe både lyng og andre høst-og vinterplantar ei god stund allereie, men synest det ville vere synd å kaste plantar i full bløming, så eg har utsete og utsete innkjøpa...håpar berre eg får tak i det eg hadde tenkt meg, no då:)
Det vert nok ein tur på hagesenteret ganske snarleg, tenker eg...deretter kan eg kose meg med årets siste planteøkt ute.




Plenklypping, derimot, vert det fint lite av framover...heldigvis.
No får graset gå i dvale, tenker eg...
Eg får heller nøye meg med...




å feste og klyppe trådar...
Å feste lause trådar er noko av det kjedelegaste eg veit...




...noko alle dei ferdigstrikka smetteskjerfa i "Bestemorkorga", vitnar om...hihi:)
Eg har samla opp ein heil haug av desse skjerfa no, så det er vel på tide å gjere dei heilt ferdige, sånn at dei kan brukast av nokon. Har lyst til å pynte dei litt, på ein eller annan måte, også...vel, eg har ikkje nokon bestemte planar...får sjå kva eg finn på.




Så i kveld er det opp i sofaen og fram med nål og saks, for her skal alle trådar festast og klyppast av!

Og sjølvsagt skal det slappast av, også!

Ha ein fin vinterkveld der ute! 

søndag 29. august 2010

En smak av sommar








I føremiddag tok eg meg ein herleg strekk i sola. Etter at skydekket endeleg hadde letta litt og sola skein på altanen, var eg ikkje sein om å installere meg der ute...strak ut, rett på terasseborda...enkelt og greitt! Planen var å få lest litt, men eg vart heller liggande å nyte synet av blå himmel og lette skyer, og ja,  berre absorbere varmen frå sola. Og sjølvsagt beundre blomsterprakten...



 



Og blomkarsen blømer som aldri før. Bløminga kom riktignok noko seint igang i år; frøa kom i jorda fyrst i slutten av mai, og sommaren har jo, som kjent, ikkje vore av dei varmaste...
Med god drenering, godt med gjødning og litt varme i ny og ned, har eg likevel fått ein pitteliten oase med både blomkarse, hengepelargonium, klematis, lobelia, voksblomar, stemorsblomar, lavendel, eføy og jordbærplantar på altanen min i sommar.


 



 I morgon diskar eg kanskje opp med salat med blomkarse...etter det eg har høyrt, kan ein ete både blad, knoppar og blomar. 
Plukke og setje i vase...det skal eg...det er heilt sikkert!

 

torsdag 5. august 2010

1 år





DUNNISbabyen er slett ikkje nokon baby lenger...
eit heilt år har gått sidan ho kom til verda.

Kjennes ut som om det var i går...
ja, eg hugsar det som om det var i går.

Tankane mine har naturleg nok vore mykje attende i tid i dag...til dagen då DUNNISbabyen kom til verda, og når eg let att augo, er det nesten som om eg både kan sjå, kjenne og lukte den vesle nyfødte jenta som vart lagt opp på magen min...
heilt ny
heilt perfekt
og
heilt nydeleg.

Eit år etter, er du like
perfekt
og 
nydeleg, 
berre litt større.


Gratulera med dagen, kjæraste gullet mitt!




søndag 4. juli 2010

Markblomar











Her er det på tide med litt oppfrisking, ser eg. 
Då passar det absolutt med ein frisk bunt med markblomar, tenker eg. Markblomar er desidert min favoritt no om sumaren...vilt og vakkert...og heilt gratis. 
Smørblom, Blåklokke, Enghumleblom, Hundekjeks, Storknebb, Marikåpeblom og Forglemmegei er nokre av dei eg likar aller best...sikkert fleire, òg, men det var desse eg hugsa mamna på no i kveldinga. 
Den rosa blomen på bileta over, hugsar eg derimot ikkje namnet på...kanskje nokon kan hjelpe meg? 
Yndig er han, i alle høve.

 

fredag 21. mai 2010

Lille solstrålen...



er litt over ni månader no.
Hei, kor tida flyg!
Eg har byrja i jobb att, og tida går berre enno fortare...

Våren var her ein liten augneblink...

No er sumaren her;
deileg varm og solfylt.

Vonar det varer lenge...
er så deileg å endeleg kunne sprelle med tærne i nyslått gras.

God helg til alle som svippar innom!