søndag 29. august 2010

En smak av sommar








I føremiddag tok eg meg ein herleg strekk i sola. Etter at skydekket endeleg hadde letta litt og sola skein på altanen, var eg ikkje sein om å installere meg der ute...strak ut, rett på terasseborda...enkelt og greitt! Planen var å få lest litt, men eg vart heller liggande å nyte synet av blå himmel og lette skyer, og ja,  berre absorbere varmen frå sola. Og sjølvsagt beundre blomsterprakten...



 



Og blomkarsen blømer som aldri før. Bløminga kom riktignok noko seint igang i år; frøa kom i jorda fyrst i slutten av mai, og sommaren har jo, som kjent, ikkje vore av dei varmaste...
Med god drenering, godt med gjødning og litt varme i ny og ned, har eg likevel fått ein pitteliten oase med både blomkarse, hengepelargonium, klematis, lobelia, voksblomar, stemorsblomar, lavendel, eføy og jordbærplantar på altanen min i sommar.


 



 I morgon diskar eg kanskje opp med salat med blomkarse...etter det eg har høyrt, kan ein ete både blad, knoppar og blomar. 
Plukke og setje i vase...det skal eg...det er heilt sikkert!

 

torsdag 5. august 2010

1 år





DUNNISbabyen er slett ikkje nokon baby lenger...
eit heilt år har gått sidan ho kom til verda.

Kjennes ut som om det var i går...
ja, eg hugsar det som om det var i går.

Tankane mine har naturleg nok vore mykje attende i tid i dag...til dagen då DUNNISbabyen kom til verda, og når eg let att augo, er det nesten som om eg både kan sjå, kjenne og lukte den vesle nyfødte jenta som vart lagt opp på magen min...
heilt ny
heilt perfekt
og
heilt nydeleg.

Eit år etter, er du like
perfekt
og 
nydeleg, 
berre litt større.


Gratulera med dagen, kjæraste gullet mitt!




søndag 4. juli 2010

Markblomar











Her er det på tide med litt oppfrisking, ser eg. 
Då passar det absolutt med ein frisk bunt med markblomar, tenker eg. Markblomar er desidert min favoritt no om sumaren...vilt og vakkert...og heilt gratis. 
Smørblom, Blåklokke, Enghumleblom, Hundekjeks, Storknebb, Marikåpeblom og Forglemmegei er nokre av dei eg likar aller best...sikkert fleire, òg, men det var desse eg hugsa mamna på no i kveldinga. 
Den rosa blomen på bileta over, hugsar eg derimot ikkje namnet på...kanskje nokon kan hjelpe meg? 
Yndig er han, i alle høve.

 

fredag 21. mai 2010

Lille solstrålen...



er litt over ni månader no.
Hei, kor tida flyg!
Eg har byrja i jobb att, og tida går berre enno fortare...

Våren var her ein liten augneblink...

No er sumaren her;
deileg varm og solfylt.

Vonar det varer lenge...
er så deileg å endeleg kunne sprelle med tærne i nyslått gras.

God helg til alle som svippar innom!

onsdag 28. april 2010

Løvetann til mamma


"Denne er til deg, mamma!", ropte  DUNNISguten til meg då han kom heim att frå barnehagen  i går ettermiddag.


Ein liten løvetann
med ein kort stilk
akkurat passeleg stor
og 
nesten passeleg lang
til mamma sin minste vase.


Ein akkurat passeleg stor løvetann, plukka av ein  5-åring på veg heim ein ettermiddag.



Mammahjarta vart
stort
og
varmt

Augo vart
blanke
og
våte


Finst det noko vakrare enn eit barn med ein liten løvetann i handa?


*smelt*

















Har du fått blomar frå nokon du er glad i i det siste?

Ha ein fin dag!

tirsdag 27. april 2010

Heldige meg!

Hurra!

I den store giveawayen til FruFly, var eg ein av dei heldige vinnarane som vart trukke ut.
Eg vann eit gavekort frå En gul knapp
og gjett om eg er glad...ja, hoppande glad, faktisk!
En gul knapp er ein av favorittbutikkane mine her i Bergen, så dette var midt i blinken:)
Då eg vart med på giveawayen tenkte eg, at om eg skulle vere så heldig å ha vinnerlukka med meg denne gongen, ville eg nok aller helst vinne dette gåvekortet ...og slik skulle det gå...det hadde ikkje eg trudd...

Jippi!

Takk til HerrFly som sa nummeret på min kommentar!
Og ikkje minst takk til FruFly som hadde denne flotte giveawayen med så mange fantastisk flotte premiar!
Om du ikkje allereie har vore på besøk hjå kreative FruFly, så anbefalar eg deg å ta ein tur...absolutt verdt eit besøk!
Fantastisk inspirerande, givande og fin blogg!



I'm happy today!
Je suis heureuse!
La, la, la...



Foto: Weheartit


Fiiin dag til alle som kikkar innom!


fredag 23. april 2010

Lopper 2




Ein del kjøkkenutstyr vart også med meg heim frå loppis forrige helg. Spesielt godt likar eg potetkuttaren av merket Villa...denne kjem nok til å bli brukt ein god del, er perfekt til å kutte opp grønsaker med til Wok, men også til dip, vil eg tru. Eg må teste han ut ein dag. 
Melittatrakta er vel mest til pynt, men eg kjem kanskje til å tørke støv av ho i ny og ne, og bruke ho til å trakte kaffi rett på termosen. Eg hugsar forresten godt kor godt det lukta på kjøkkenet til besteforeldra mine, då dei trakta kaffi på denne måten.
Den lyseblå korga er plassert oppi den minste vaskekummen på kjøkenet; fin til å ha oppvaskekostar og svampar oppi.
Rivjernet fekk vere med heim fordi det er mykje betre å halde i enn det eg har, dessutan har det fleire funksjonar, òg:)



To bøker: "Alt om hagen - Stauder" og "Om mennesket", var der siste eg kjøpte den dagen.
Fine bøker med flotte bilete og illustrasjonar. 

Ei ny helg står for tur og heile fire loppemarked  går av stabelen i Bergen. Er eg heldig, vert det kanskje tid til ein liten tur innom eit av dei.

God helg til alle som kikkar innom!

mandag 19. april 2010

Lopper


På laurdag kom eg meg endeleg avgårde på eit av byens mange loppemarked som gjekk av stabelen forrige helg. Dunnisjenta var med denne gongen, og då me møtte opp, berre ein liten halvtime etter opningstid, var det allereie stinn brakke, men me lot oss ikkje skremma av den grunn...heller ikkje stresse. Me tok oss god tid, og kikka vel og lenge. Det vart nokre rundar rundt omkring i lokala etter kvart, men me hadde sjølvsagt lagt inn ein aldri så liten kafépause; med kaffi, saft og kaker...for det høyrer med når ein er på loppemarked.
Etter nokre timar sa me oss fornøyde, og jammen hadde me med oss litt av kvart heim att, òg.

 Her er nokre av skattane: 















Fleire lopper og litt meir om bøkene på det fyrste biletet, kjem om litt...


onsdag 7. april 2010

Ein litt sliten tulipan...


står og  
solar 
seg i glaskarmen
strekker 
seg mot sola
og
foldar 
ut dei tørre kronblada sine
og  
kjenner 
kor godt det gjer med 
vårsol
og 
ein 
ny
vår





nett so meg...


mandag 22. mars 2010

Spania











Eg har plukka ut eit lite knippe bilete frå Spaniaturen i byrjinga av mars. I dag har eg sett igjennom alle bileta me tok på turen og kjende at eg lengta attende...
Me hadde ei opplevelsesrik veke der nede, og eg trur nok at eg kjem til å reise ned att, om eg skulle få mogelegheita til det, men då vil eg reise om sumaren.
Me budde midt oppi appelsinlundene like i nærleiken av Alfaz del Pi. Ikkje langt unna låg byane Altea, Albir og Nucia, og litt lenger unna låg Benidorm. Me var innom alle desse både ein og to gongar, og aller best likte eg gamlebyen i Altea...der var det utruleg fint og nydelege motiv over alt.
Litt sol og varme gjorde utruleg godt...me var så heldige å få nokre dagar med temperaturar opp mot og over 20 pluss...elles var det stort sett overskya og regn. 
Turen var ein deileg forsmak på våren og sumaren...og eg kjem til å leve lenge på denne.
Her heime har snøen endelg sluppe taket og våren er i anmarsj. På laurdag såg eg snøklokker i ein hage, og i går kom ungane inn med greiner med pusekattar...Herleg!
Elles ventar me på svar ifrå forsikringsselskapet ang fuktskaden på soverommet og håpar me snart kan gå igang med oppussing, så me kan flytte inn att...om ikkje så altfor lenge. Frykteleg kjedeleg å gå sånn og vente og ikkje få gjort noko...
Vel, det trengst litt "oppusssing" ute på altanen, òg...og det treng eg ikkje vente med, heldigvis...

Fin veke til alle som kikkar innom!