fredag 26. februar 2010

Turen går til Sør-Spania



 
 
Dunnisbabyen i sin fine, gule solhatt:)


På denne tida i morgon er Dunnismannen, Dunnisbabyen og moi i Sør-Spania på ei vekes etterlengta ferie. Flyet går grytidleg i morgon tidleg, og går alt etter planen står me på spansk jord klokka tolv i morgon føremiddag. 

Det meste er pakka og klart, no gjenstår berre å få unna litt småtteri, før eg kan setje meg ned og slappe heilt av...vel, spørst om eg klarer det, då...kjenner allereie reisefeberen herje i kroppen. Det er ei stund sidan eg har vore ute og reist så langt no, og eg må innrømme at eg ikkje er så altfor glad i å fly...elska å fly heilt til eg fekk barn...brått så vart eg ein stor smule redd for å fly. 

Denne gongen går turen til fastlandet, til ein liten stad like ved Altea og Benidorm. Her skal me slappe av, lade opp batteria og kose oss med utflukter, god mat og ein deileg forsmak på våren/sumaren. Temperaturen i området har allereie vore opp i 18 grader og det lovar godt.


Ei stund spøka det litt for turen. Onsdag denne veka oppdaga eg nemleg ein lekkasje/fuktskade på soverommet vårt...og vart sjølvsagt veldig fortvila.
 Etter rapportering av skaden og lange samtalar med både den eine og den andre, kunne eg pusta letta ut og fortsetje å pakke.

No skal me prøve så godt me kan å "gløyme" lekkasje og alt arbeidet som ventar oss når me vender attende til Bergen, og leve livets late dagar i Spania.

Hasta luego!

God helg til alle som kikkar innom!

onsdag 24. februar 2010

Blånissevotten



Blånissevotten til Dunnisguten er ute i snøstormen saman med maken sin. Dei varmar akkurat no eit par fem år gamle hender på veg til barnehagen. Mon tru om dei allereie er like dekka av snø som på biletet over...for ute lavar det ned; svære snøkjerringar...tett i tett...
Varme og gode er i alle høve hendene som er inni vottane, for slike tova vottar er tjukke og gode og så å sei vanntette. Me hadde nesten gløymt at me hadde desse i hus, heilt til me fekk denne lange og snørike vinteren, og alle andre vottar, av ulike slag, viste seg å ikkje vere verken varme eller tette nok...i alle høve ikkje til ein femåring som leikar i snøen i timesvis.
Eg har ikkje strikka dei sjølv, trass i at eg gjerne kunne gjort det. Desse vottane var ei gåve til Dunnisjenta på den tida då blånissefeberen herja landet fyrste gongen. Hugsar du? 
Men eg har strikka fem blånisseluer, ein gensar og ein halsvarmar, og kan hugse at det etter kvart vart vanskeleg å få tak i både garn og pinnar i rette tjukkelsen...ja, for brått skulle alle strikke blånisseklede...strikkekunsten fekk seg ein skikkelg oppsving på den tida.

No må eg leite fram eit par tova vottar til meg sjølv, for eg skal nemleg ut i dag...med barnevogn...puh!

Ha ein snørik og fin onsdag!


søndag 21. februar 2010

Primula i mine vakraste potteskjularar

 

  

 

Primula kjem av det latinske ordet "primus" og betyr den fyrste, og denne planten er vårblome nummer 1, synest eg.
Ein enkel, men vakker plante.

Primula kjem opprinneleg frå fjellområda i Europa og dei tempererte områda av Asia og Nord-Amerika. Det er berre nokre få artar av primula som vert brukt som stoveplantar, dei fleste veks vilt eller er å finne som hageplanter. Primula har ein lang historie som medisinplante og før i tida vart  primula ofte brukt for å lindre ledd- og hovudsmerter.
Primula kjem i alle regnbogen sine fargar og kan bløme ganske lenge, men ein må passe godt på å vatne gjevnleg. Namnet kler planten godt, då dette er ein tidlegblømande plante og kanskje ein av dei fyste plantane mange kjøper på nyåret.
Likar så godt den bleikgule fargen på blomane...ein nydeleg farge!

Potteskjularen på bileta over arva eg etter mi kjære bestemor då ho gjekk bort. Ho hadde to slike potteskjularar og eg arva begge. Ho hadde som oftast St. Pauliaplantar oppi desse, og stundom Ynde eller Begonia. Bestemor skjøna nok at eg synest pottene var fine, for medan ho enno levde, lova ho meg at eg skulle få arve pottene etter henne. Det er eg veldig glad og takksam for.
Eg veit ikkje heilt kor gamle dei er, men dei er i alle høve ifrå 50-talet, kanskje før.

Dette er absolutt dei vakraste potteskjularane eg har!
Har du nokon favoritt?

Her lavar snøen ned att og eg lengtar verkeleg mot vår no...denne vinteren har vore lang.

Eg trøystar meg med att eg snart får litt luft under vingene og varmare vind i håret;)

Ha ein super sundag!

torsdag 18. februar 2010

Sol ute, sol inne...

 


Det er så utruleg deileg når sola kikkar inn i stova! Eg kan kjenne kor ho varmar og kan nesten ikkje vente til det er varmt nok til å sitje i solveggen ute på altanen. Gler meg til å rydde opp der ute;  kaste vissne og vinterdvaske lyngplantar som har lege begravd under snø i eit par månader, og plante nye påskeliljer og andre vårplantar i krukker og kar. Det må nok vente ei stund til, for vinteren klamrar seg fast her i Bergen by. 
Nok ein strålande dag her i Vestlandet sin hovudstad, med sol og kuldegradar. Men må nok nyte sola inne i dag, for DUNNISguten er enno litt pjusk etter at eit nokså hissig magevirus inntok heimen i går natt. Sjølv håpar eg at det ikkje utviklar seg til meir enn den småkvalmen og hovudverket eg har for augneblinken...*håpe*
Mariekjeks og sitronbrus går ned i små porsjonar der borte i sofaen, medan Cars rullar over skjermen. Eg har planar om å slenge meg på sofaen så snart DUNNISbabyen sovnar. Strikke litt og nyte enno meir varmt i koppen:)

Ha ein fin dag!


søndag 14. februar 2010

3 på ein gong...

 
  
 
 
  
Bileta er lånt frå: Weheartit & Google

  I dag er det Morsdag, Fastelaven og Valentines day på ein og same dag. Det kan eg ikkje hugse å ha opplevd før, men det kan sjølvsagt vere at det berre har gått meg hus forbi...
Her i huset vert det ikkje markert noko serleg...kanskje eg dreg i hus ein bjørkekvist og pyntar med nokre kvite fjør, eller finn på å lage noko ekstra godt til middag...det vert nok mest avslapning her i stova, for formen er diverre ikkje heilt på topp i dag.
Elles så har det seg slik at dei to eldste er hjå faren denne helga, så det å feire morsdag utan dei...vel, det kjennes litt løye og feil på eit vis...skulle gjerne hatt dei her. Dunnisbabyen er sjølvsagt her, men ho er litt lita til å forstå seg på dette med morsdag, og ikkje er ho stor nok til verken å teikne eller skrive enno, heller...(morsdagskort), trass i at ho rett som det er tek eit skikkeleg grep om dei hårtustane mora har att etter eit halvt år med amming...:) Og fastalavensbollar er nok litt sterk kost for ho enno, må nok nøye seg med hirsegraut ei god stund til, tenker eg.
I dag vert det altså enno meir amming, strikking, middag, kaffi...kanskje med noko attåt (må sjå kva eg har i skuffene....mandlar, rosiner og svisker, kanskje...hihi!), tv-seriar, film, og total avslapning;
perfekt sundag!

Ha ein fin sundag til alle der ute, enten du feirar morsdag, fastelaven, alle hjerters dag eller alle på ein gong!



onsdag 10. februar 2010

Dagar som kjem og går


Dagane kjem og går...  

i eit forrykande tempo...

dagar med stor aktivitet og mange gjeremål...

Dagar kjem og går...

i eit roleg tempo...

dagar der tida flyt sakte forbi...

stille og utan at noko særleg vert gjort, men med mange tankar om alt eg ynskjer å gjere. 

Då er det ikkje idéear det er mangel på, må vite...

men  motivasjon og tiltakslyst.


Ynskjer meg  herved

masse

Motivasjon og Tiltakslyst!!!





 

 

 

Ha ein fin onsdagskveld!

Og takk for alle søte, koselege og fine kommentarar!

Set stor pris på kvar einaste ein!


mandag 1. februar 2010

Min fyrste Award - Kreativ Blogger



 


For nokre dagar sidan, fekk eg ein kommentar ifrå damene bak Patina Blogg, og i den stod det at dei hadde ein Award til meg inne på bloggen sin. 
Eg vart hoppande glad, for dette er ikkje kvardagskost for DUNNISMoR:)
Tusen hjarteleg takk til Dykk!!!
Dette set eg verkeleg pris på, og kjenner at det varmar langt inn i hjarterota:)
Og veit de kva...dette er faktisk den fyrste awarden eg får, og derfor vert han ekstra spesiell òg, kjenner eg.
Eg har jo sett at mange har fått denne awarden her inne, men hadde nok ikkje venta å få den sidan eg er nokså ny i Blogglandia.

Dette var ei gledeleg overrasking:)

Anbefalar dykk å ta turen innom Patina Blogg, der er det mykje inspirasjon å hente. Det var forresten gjennom denne bloggen, at eg oppdaga denne verda av bloggar. 
Patinadamene driv Brukt- og interiørbutikken Patina på Evanger, dessutan har dei også nettbutikken Patina...som eg har kikka innom gjevnleg i nokre år. I juli i fjor såg eg at dei hadde blogg, også...tenk at eg ikkje oppdaga det før! Vel, eg klikka meg inn på bloggen, deretter inn på ein annar blogg og vidare til neste, og så var eg i gang:) 



Det fylgde nokre reglar med denne awarden og dei er som fyljer:


1. Kopier awarden på bloggen din
2. Link til personen som ga deg awarden
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
5. Link til deres blogger
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden 


Når det kjem til det å skulle fortelje interessante ting om seg sjølv, synest eg det vert litt utfordrande...det er vel kanskje ikkje det eg synest er det lettaste her i verda...
Og det skulle vise seg at det i fyrste omgang ikkje var så lett å kome på noko interessant, heller...noko interessant for meg , er kanskje ikkje interessant for dei der ute, tenkte eg.  Men etter å ha tenkt meg om både ein og to og tre gongar, var det berre til å hive seg uti...
Fyrst "kladde" litt på eit ark...Ja, eg er kladdebok- og blyanttilhengar:)...litt sånn bakvendt når ein berre kan skrive på pc og slette og tilføye etterkvart, men eg likar å skrible enkelte tankar ned på papiret, før eg byrjar å taste...spesielt når eg kjenner at det vert litt utfordrande.

Her kjem i alle høve 7 fakta om meg sjølv:

1: Eg er veldig glad i gamle saker og ting, og får eg valget mellom gamalt og nytt, velger eg som oftast gamalt.

2: Då eg gjekk i 1. gym, kjøpte eg meg symaskin for pengane eg fekk til konfirmasjonen: Ei flunkande ny Bernina 1010, og eg sydde bukser av gamle dynetrekk etter mal av ei gamal herrepyjamasbukse.

3: Bestemor (mormor) lærte meg å strikke då eg var fem-seks år gamal...dette var noko eg masa veldig om å få lære...kan hugse at eg sat og såg på at mamma, bestemor og tante strikka, medan eg snurra garn rundt fingrane og "liksomstrikka". Bestemor var ei veldig tålmodig dame og meinte nok at eg absolutt kunne få prøve meg litt, sjølv om eg ikkje var eldre enn 5 år. Ho lærte meg også å karde ull og å spinne tynt garn på den gamle rokken ho hadde etter mor si. Eg var forresten så heldig å få arve denne gamle rokken.

4: Eg har vore aktiv innan langrenn og friidrett. Eit år vart eg Vossameister i kulestøt.

5: Har budd eit år i husbåt på Seinen i Paris...og er nokså frankofil. 

6: Eg elskar lukta av nye blad og bøker. (Gamle luktar ikkje like godt)

7: Er livredd både kyr og edderkoppar, trass i at eg vaks opp på bondelandet.

Vidare så skulle ein altså velge 7 bloggar ein vil gje denne Awarden vidare til, og
dei som får awarden ifrå meg, er desse kreative, inspirerande og dyktige damene:



Elles vil eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått i det siste, det er utruleg kjekt, og eg set veldig pris på kvar einaste ein:))
Eg har ikkje vore så veldig aktiv her inne sjølv i det siste, verken på min eigen eller andre sine bloggar...har no vore rundt å kikka litt, sjølvsagt, men det har stort sett vorte med det...har heller ikkje lagt att så mange spor etter meg, for å seie det sånn, men alt dette er vel kanskje noko som går litt i bølgedalar, som det gjer med så mykje anna her i livet. Det skal både tid, rom, inspirasjon, lyst og humør til for å halde på med denne blogginga, og det er no slik, at ein stundom manglar både det eine og det andre.
No må eg få skunda meg å publisere dette innlegget,  og deretter informere alle dei eg har sendt awarden vidare til:)

Ha ein fin mandag!!