fredag 3. desember 2010

Frostvinter






 I ettermiddag kjende eg at eg berre måtte ut... 
Ut på tur i skog og mark. 
Det har vorte mykje innetid i det siste med mykje sjukdom og mangel på energi, men i dag trossa eg både kulde og "vondter" og gjekk meg ein runde i ein times tid...

i bitande kulde
og
skarp luft...
i eit fantastisk lys
og 
ein blendande solnedgang.  

Sjå berre sjølv!
















 Eg luska rundt inne i skogen på jakt etter kongler, mose og anna eg kanskje kunne ta med meg heim, då eg kom over denne vakre isskulpturen...det ser nesten ut som eit Norgesglas der det står og så vakkert reflekterer sollyset.




No ser det jammen ut som det vert ein aldri så liten julekalendar her i år...eg kan ikkje love at det vert innlegg kvar dag, men ein kan alltid håpe:)
Ha ein fin fredagskveld!


2 kommentarer:

giraffmamma sa...

Så deilig med en tur ut i dette fine været. Kaldt, men gjør godt, alltid godt å komme seg ut litt. Jeg har stått ute i foret dress i dag og ikke vært kald i det hele tatt, deilig! Og fine bilder, det har du :)

Rosa sa...

Vakre, vakre frysebilder! Det er utruleg fint desse kalde, klare dagane, men det går hardt på fyringsved og varmepumpe ;)

Kjekt å lese kalendarlinnlegga dine, sjølv om eg må ta litt oppsamling nokon dagar, då tida ikkje strekk til for lesing kvar dag.

God betring i heimen!