onsdag 23. september 2009

La vie en rose












Vakre roser kjøpt hjå Iris Blomster i Bergen. Denne butikken ligg midt i sentrum, nærmare bestemt I Veiten 2b. Dette er ein utruleg flott og smakfull butikk og menneska som jobbar der er kjempeflinke og veldig hyggelege. 
Går ofte inn for å nyte alle dei vakre og spesielle blomane...lar sansane flyte avgarde...og innimellom hender det at eg unner meg ein vakker bukett eller ein og anna potteplante. Kvar einaste jul brukar eg å kjøpe blomar på denne butikken, både tulipanar, amaryllis og hyasinter...alt i kvitt...vel, som oftast, får eg vel sei...eg likar også raudt til jul, og kjøper litt av det, òg. 
Dei vakre rosene på bileta over har eg derimot ikkje kjøpt sjølv, dei er det den snille DUNNISmannen som har kjøpt til meg til bursdagen min. Er dei ikkje nydelege?
Iris Blomster bugnar av vakre og spesielle rosesortar for tida. Ta turen!


Ha ein fin dag!




torsdag 17. september 2009

Namnedag

Min favoritteikneserie då er var lita jente var Dennis og eg likte den så godt at eg òg gjerne ville heite Dennis. Då eg av ein eller annan grunn ikkje klarte a uttala 'e' i akkurat dette ordet, vart Dennis til Dunnis, og når nokon spurde meg kva eg heitte, svara eg Dunnis. Ein annan grunn til at eg valgte Dunnis framfor mitt eige namn, kan ha vore at Dunnis var lettare å uttale og at det reint fonetisk hadde likheitstrekk med siste halvdel av mitt egentlege namn. Eg trur nok ikkje eg var så veldig oppteken av betydinga av desse to namna, og dermed valgte det eine framfor det andre, så her må me nok støtte oss til den fyrste forklaringa. Betydninga av namn er noko eg vart meir interessert i då eg vart litt eldre. 

Egentleg heiter eg Hildegunn. 

I "Navneboka" til Damm & Sønn av Birger Sivertsen står det fyljande om Hildegunn og Dennis:

Hildegunn
Nordisk eller tysk, fra norrønt
Hildigunnir. Sammensatt av Hild-, som 
betyr 'strid, kamp' og -gunn, som betyr
'strid. *17.9.

Dennis
Engelsk form av greske Dionysios, som
kan oversettes med 'viet til Dionysios'
(kjent navn i gresk mytologi). Fins også
i formene Denis og Denny. *9.10.
(dinesmesse)


Eg kunne no sitje her og analysere opp og ned i mente og leite etter likheitstrekk mellom desse to namna... betydningsmessig, ortografisk, fonetisk og fonemisk...og kva det no enn heiter, men då ville dagen gått frå meg. Vel, har allereie googla både Dionysios og dinesmesse, og grev ein djupt kunne ein nok kome fram til at...hmm, det er noko med denne greske Dionysios...og denne franske nasjonalhelgenen Dionysius som kan minne om både 'strid og 'kamp...og så kan eg tenke attende på både rakkarguten Dennis og meg sjølv som barn (og no, foressten) og ja, kanskje me var både stridige, rampete, sta og lyslugga ...men er det nok til å byrje å trekkje trådar..?.Analysere kan eg gjere ein annar dag.



Det eg egentleg ville få fram, er at eg har namnedag...altså Hildegunn har namnedag i dag.
Lurar på om eg får kake? Rigtignok har eg akkurat hatt bursdag, men eg veit at det er tradisjon i Sverige med kake på namnedagen, så eg kan jo alltids håpe... 


Gratulerer med namnedagen til alle som heiter Hildegunn!
Og litt til deg og, Dennis (Dunnis) ;)





 
Her skulle eg egentleg legge inn eit bilete av min barndomshelt Dennis og kanskje eit av meg sjølv som fire- femåring, men sidan eg ikkje er nokon kløppar på data, får me nøye oss med eit av DUNNISguten...han kan jo minne litt om både Dennis og DUNNIS til tider.. ;)

tirsdag 15. september 2009

Bursdag

Det har vore nok ein nydeleg dag (14 september)! Vakna av at DUNNISmannen, DUNNISjenta og DUNNISguten kom syngande inn på soverommet med frukostbrettet mellom seg. Utruleg koseleg å få frukost på senga...fekk servert kaffi, skive med Vossafår, kokt egg og muffins med lys på (klarte å blåse ut alle lysa) :) DUNNISjenta og DUNNISguten sat saman med meg og gomla muffins til frukost. Me har tradisjon på det hjå oss...alltid muffins til frukost når det er bursdag...med lys på. 
Dunnisbabyen vakna etter kvart og ville også ha frukost...for andre...tredje gong. Det har vorte ein god del fleire måltid på ho det siste døgeret. Hyppig amming er kjempeviktig når ein har tette melkekanalar, las eg på Lommelegen...så store delar av dagen har naturlegvis gått med til dette. 
Drista meg ein tur ut i dag for å røyste...med ull lag på lag for å halde meg varm...skal love deg at eg vart svett i den varme lufta...kunne heller ikkje kle av meg, men fekk i alle høve røysta :)
DUNNISmannen har baka og styrt på i fleire timar i dag...vart akkurat ferdig i tide til gjestane kom i sekstida. Kosa oss fyrst med muffins, sjokoladekake, rullekake, kjeks, is, snop, kaffi og brus...vart stappmette...og DUNNISborna noko energiske :) Deretter las eg kort og opna presangar...har fått masse fint: Ullpledd, vaffeljern, Body Shop-produkt, Roy Jacobsens nyaste bok: "Vidunderbarn", rutete sjal med sølvtrådar og ein søt, liten orkidé. Eg er kjempefornøyd og har verkeleg hatt ein kjekk og koseleg bursdag...trass i brystspreng og tette melkekanalar. 
No sit eg og nyt stillheita...med eit halvt auga på "Valgnatt" på NRK1...må innrømme at det er litt spanande sjølv om eg ikkje har fylgt så nøye med på valgkampen. Eg har jo vore heilt oppslukt i DUNNISbabyen siste månaden, så klart. 
Håpar på nok ein fin dag i morgon...og på bedre form, sånn at eg kanskje får overskudd til å begynne å strikke på djevellua eg har kjøpt garn til. Har også planar om å fotografere litt og få lagt inn fleire bilete. Gler meg!


søndag 13. september 2009

Det har vore ein fantastisk fin dag her på Vestlandet...sol...blå himmel og deilig temperatur. På ein sånn dag burde ein ikkje sitje inne, kanskje. Eg har ikkje vore heilt i form denne helga...fekk feber og influensafølelse i kroppen fredagskvelden og tenkte på denne svineinfluensaen med ein gong og frykta det verste. Heldigvis, då eg vakna skjøna eg at feberen berre skuldast tette melkegangar...vel det er ikkje berre, berre med vondt i puppen, men det var i alle høve ikkje det eg hadde frykta kvelden før. Eg måtte dermed til med varmeflaske, massasje, hyppigare tømming, ullinlegg, masse drikke, paracet og kvile. DUNNISmannen har dessutan stulla og stella rundt meg; tatt seg av DUNNISmammaen, DUNNISbarna og DUNNISheimen...fantastisk flink, har han vore. Kjenner meg fortsatt ikkje heilt i form, men trur det verste er over...håpar det. Får pakke meg inn i ull når eg skal ut i høstlufta. Tenk, me er midtvegs i september allereie, det er berre litt over tre månader til jul. Er det på tide å tenke JUL snart...planlegge julepresangar? Dersom eg skal strikke, hekle, sy og lage alt det eg har lyst til, så er det nok ikkje for tidleg...burde egentleg begynt i januar. Vel, nokre heimalaga julepresangar vert det nok i år, også.
No gler eg meg fyrst og fremst til bursdagen min i morgon. Det vert ikkje nokon storfeiring dette året, men nokre vener på kaffi og kaker. 
Lurar på kva eg får i bursdagsgåve?

fredag 11. september 2009

Bloggen byrjar å ta form. Det er jo litt å setje seg inn i då, har eg oppdaga...vanlegvis brukar eg ikkje pc til stort anna enn å lese nettaviser, å surfe litt rundt på ulike nettsider, e-post og eit og anna dokument eg må skrive.... og så på Facebook, då.., men det siste vurderer eg å slutte med... Har lært masse nytt allereie, eg. Trur dette er nokke eg kjem til å ha mykje glede av framover. Håpar at andre kan glede seg over det som dukkar opp på bloggen etter kvart, òg...kjenner at eg er ivrig etter å kome litt meir i gang med små prosjekt eg har hatt i tankane ei god stund no, men som ikkje har fått springe ut grunna eit svangerskap med mykje kvalme og oppkast...nokke som resulterte i at eg låg mykje på sofaen uten å gjere så mykje. Kanskje eg er litt vel optimistisk no...trur eg skal få masse tid, no når babyen er født, til å vere kreativ og skapande...eg må jo ikkje gløyme at det kan vere ganske så travelt med ein liten baby i hus òg, då. Trur nok eg skal finne tid innimellom...må berre vere flink til å benytte meg av dei pausane eg får. No er det på tide å legge seg, ser eg. Merkar ikkje kor tida går...er eg bitt av basillen, kanskje?
Bonne nuit!

onsdag 9. september 2009

Rykande varm lapskaus på bordet om litt...

Rykande varm lapskaus


Livet som DUNNISMoR er utruleg deileg akkurat no. DUNNISbabyen ligg ved sidan av meg på sofaen; god og mett i magen, DUNNISguten kom for ei stund sidan heim frå barnehagen og leikar med bilar inne på rommet sitt og DUNNISmannen står inne på kjøkkenet og lagar middag. I dag står lapskaus på menyen...nam! DUNNISjenta er på handballtrening og eg... ja, eg kan sitte her og blogge i veg :) Til og med sola tittar fram frå bak skyene innimellom, og det er deileg etter dagar med regn og ruskevêr...for ikkje å snakke om stormen som herja i natt! Her oppe i høgden merkar me vinden ekstra godt, òg.
-No er det middag, ropar DUNNISmammen.



DUNNISbarna mine

DUNNISjenta
DUNNISguten
DUNNISbaby

Her er bilete av dei fine og gode DUNNISbarna mine. DUNNISjenta fyller 11 år 14 oktober, DUNNISguten vert 5år akkurat ei veke etterpå, den 21 oktober og DUNNISbabyen kom til verda på Voss Sjukehus for berre litt over ein månad sidan, den 5 august.

tirsdag 8. september 2009

Kvelden lister seg på tå...

Kvelden lister seg på tå... og ute bles det godt. Den fyrste hauststormen over Bergen by. Alle Dunnistrolla ligg godt under dyna og søv, Dunnismannen koblar av med film og eg har bestemt meg for å prøve noko heilt nytt...nemleg blogging. Den siste tida har eg stadig vore innom ulike bloggar, lese litt og kikka rundt, og etter kvart har eg fått meir og meir lyst til å prøve sjølv. No har eg altså oppretta min egen lille blogg, og kjenner at eg er både spent og ivrig, samstundes som eg lurar på om dette er noko eg får til. Det er jo litt å sette seg inn i...vel, eg prøver og så ser me korleis det går.