tirsdag 19. januar 2010

Ynskjer å kjenne augneblinken



Foto: Weheartit

Ynskjer våren var her...
 med lysegrøn bjørk og sitronsumarfuglar i hagen.

Ynskjer at dagane kunne vore lysare og lengre...
og at energien bobla over...
så eg kunne gjort alt eg drøymer om å gjere...

Likevel...
ynskjer eg stundom at tida kan stå stille...
så eg får tid til å kjenne, at denne augneblinken faktisk ikkje er så ille...

Ha ein god tirsdag!


lørdag 16. januar 2010

Den nydelege, franske bloggen...






er ein utruleg inspirerande og  fin blogg. Kunstnaren bak denne bloggen, lagar dei nydelegaste og mest fantastiske kreasjonar du kan tenkje deg...
Petites Choses er absolutt verdt eit besøk...vel, mange besøk...og vert anbefalt på det sterkaste!

Bloggen hennar er no 2 år...

et pour fêter ça, elle vous propose de gagner ce petit cadeau...

og for å feire det, gjev ho dykk no mogelegheita til å vinne denne vesle gåva...





Wow! 

Har de sett noko så flott!!?

Mamma mia! 

Que c'est beau!!! ...Så vakkert det er!

Dette vakre armbandet skulle eg gjerne ville vinna!!


Dersom du vil være med, så har du sjansen til og med 29 januar, og alt du treng å gjere, er å gå inn på Petites Choses, legga att ein kommentar under innlegget: # two, og skrive eit lite ord på bloggen din.



No har eg gjort det, og håpar på litt vinnarlykke:)

 

Je croise les doigts!

Eg kryssar fingrar og tær!

Ha ein strålande laurdag!  

 Au revoir!
 


søndag 10. januar 2010

Nei, har du sett på maken...



Hugsar du dei sylvspraya kvistane eg redda frå bosspannet i siste liten for ei lita stund sidan...dei som fekk små søte rosa blomar og hadde fått selskap av nokre kvistar med blåbærlyng?
No let blåbærlyngen seg lure av varmen inne og trur at det er vår. Tenk, no står han også med små søte blomar! Og nydelege lysegrøne lauv sprett ut i vilden sky...Ja, her er det full bløming og nesten litt vårstemning i lufta...inne på kjøkenet, vel og merka, for blåbærlyngen skulle berre visst kor kaldt det egentleg er ute, og at det absolutt ikkje er vår og tid for bløming riktig enno.
Eg synest det er deileg med eit lite streif av vår og vonar at eg om litt kanskje får smake litt på sumaren, òg...og kan plukke i et lokk...






 

 

 



Her i Bergen er det nok ein strålande vinterdag. På tapetet i dag står det mellom anna aking (pågår), avslapning og småsysling, og til middag vert det Nachos à la Dunnismannen.

Ha ein knitrande fin dag!




lørdag 9. januar 2010

Laurdag og...


deileg heimalaga risengrynsgraut til middag...
 

 med smørauga, kanel og sukker på...og gjerne nokre rosiner for dei som likar det.
  

 Risengrynsgraut på laurdag er tradisjon for meg; då eg vaks opp, hadde me alltid graut om laurdagen, då gjerne med betar av steikte poteter og vossakorv til..namnam! Dette er ein tradisjon eg har teke med meg, og som eg no viderefører til mine eigne born. Me har bytt ut steikte poteter og pølser med vossafår eller spekemat, smakar godt det, òg...men har vurdert å begynne med pølser og poteter.





Oppskrifa eg brukar, har eg fått av ei fin gamal dame eg jobba saman med for sju år sidan, og det spesielle med denne oppskrifta, er at ein byter ut grautrisen med yasminris...her har du oppskrifta: 

6 dl vatn
3 dl yasminris
1,6 l H-mjølk
0,75 dl sukker
50 gram smør(Melange) 

Kok opp vatnet, ha i risen og la den småkoke til alt vatnet er absorbert. Ha oppi mjølka, kok opp og rør med gjevne mellomrom til grauten er passe tjukk. Ha i smør og sukker til slutt.

 Vel bekomme!


Ha ein fin kveld!


 

Attpåklatten Amaryllis






Etter ein god dag (i går), med mykje energi, fór jula til slutt ut dørene her, òg...puh...15 dag jul, faktisk...ikkje verst, det!

No er det ikkje ei einaste raud nisselue å sjå nokon stad...berre denne svææære raude amaryllisen, som av ein eller annan grunn gjekk i dvale like før jul, og bestemte seg for å vente med å blomstre til litt sånn utpå nyåret; skikkeleg smarting...no vart eg ikkje heilt kvitt jula, likevel...for kven har vel hjarta til å kaste noko så vakkert ut i den bitande kalde Frosten...



onsdag 6. januar 2010

...og jula varer heilt til påske


...for her står juletreet fortsatt i  stova, i sin finaste stas, og slettes ikkje ute på altanen, høsta og klart til opphogging, som planen var...
Eg var fast betemt på at 13 dag jul...ja, då skulle jula ut!
Trettande dag jul vert også kalt Hellige Tre Kongers dag, og er altså tidspunktet då dei tre vise menn (hellige kongar) kom med sine gåver til Jesusbarnet. Dette vart kyrkja si offiselle avslutning av julehøgtida.
Vel, ein del av julenipset var på veg...men fekk ei lita mellomlanding på spisebordet, og avgang vidare vart utsett... litt på ubestemt tid...men dersom flygeleiaren (les: Dunnismor) ikkje streiker i morgon, også, ser det ut til at takeoff kan gå som planlagt...
eller skal eg gjere som i riktig gamledagar...
vente til 20 dag jul...
På den gamle primstaven er også Tjuendedagen merka av, og då med eit drikkehorn som er snudd på hovudet. Då skulle feiringen vera over...
Får no nett sjå...
dessutan drys ikkje treet i det heile teke...




Ha ei god natt!


tirsdag 5. januar 2010

Det kriblar...




i heile kroppen...
for i dag kjem Dunnisjenta og Dunnisguten heim att frå laaang juleferie hjå faren. 
20 desember...
fór dei avgarde, noko eg hadde kvidd meg veldig til, for eg har alltid feira jul saman med dei, dessutan er jo over to veker vekke ifrå kvarandre litt for lenge, synest eg. 
Vel, 
det har gått overraskande bra...
litt over fjorten dagar senare, svinsar eg rundt her heime; ryddar, skifter på senger og vaskar klede...så vaskemaskina, stakkars!..verkeleg får køyrt seg...
Brått,
har eg fått ein vanvittig dose med energi...heilt i kontrast med kva eg har hatt siste åra...
Kvar
kjem energien ifrå... 
gleda og spenninga over å skulle få heim borna mine, kanskje..? 

Kva trur du?





 

Bileta vart tekne under fjorårets pynting av peparkakehus...
som forresten skal rivast i kveld og nytast saman med kakao...lurar på om eg ikkje må støvsuge det fyrst...
Vert spanande å sjå om seigemennene er like elastiske enno...



 

Knas!
Nett eit lite...ekstra stort...bilete av dagens kaffi -og kakaomat...har fått litt sansen for å bruke denne storleiken.

Ha ein knakande god kveld!


søndag 3. januar 2010

Poppeferdige sylvkuler



 


Desse sylvspraya kvistane frå ein julebukett held enno stand, medan dei kvite tulipanane som dei hadde selskap av, har takka for seg for lengst. Og då eg skulle til å hive desse kvistane òg, oppdaga eg, heldigvis, at fleire av dei små sylvkulene...små knoppar, sjølvsagt...hadde opna seg og sprunge ut til dei søtaste små lyserosa blomar. No står dei og solar seg i glansen frå sylvsprayen og nikkar søtt mot blåbærlyngen dei har fått selskap av...
Tenker eg beheld denne kvisten litt til, eg... han er jo full av små poppeferdige sylvkuler... 



fredag 1. januar 2010

Det nye året...




er som ein knopp;
heilt
ny
og
klar
til
å
folde
seg
ut...


akkurat som knoppen på denne Julerosa...





 Ho står i kjøkenvindauga mitt i full bløming, men er også full av nye skudd og knoppar...klare til å folde seg ut...


 


Ho strekker på seg og nyt godt av dagslyset...som varar litt lenger for kvar dag, no.
 

 


Eg synest dette er ein utruleg vakker plante...Julerose, eller Helleborus Niger som ho vert kalla på latin, er ein av favorittane mine. Eg håpar at ho blømer lenge, for planen er å plante ho ut etter avblomstring...ein gong til våren...så kvar dag får ho seg ein dusj, og eg passar godt på, så ho ikkje tørkar ut...ho likar å ha det fuktig... for desse plantane veks vanlegvis i fuktige skogsbotnar i Alpane.
Til våren flyttar ho forhåpentlegvis ut...
  fram til då, held ho meg med selskap inne på kjøkenet.