onsdag 4. november 2009

Eg drøymer om...


Eg drøymer om tre, som svaier i vinden og mister alle lauva sine. Dei står att som mørke siluettar mot den grå og frostfylte hausthimmelen.







Eg drøymer om Vinteren; kvit og kald. Kjenner kor lett eg vert, der eg dansar nedover vegen og prøver å fange snøfnugga med open munn.



 



Tida går...



 



Eg ligg og drøymer om alt eg skal gjere...



 



Skrive brev for hand og sykle med dei små...



 



Lese alle bøkene mine...



 



Reise til eit land, langt vekke...



 



Kanskje til Paris...



 



Me får sjå...



 


Drøyme vidare skal eg, uansett...



Bilete lånt frå Weheartit.com

søndag 1. november 2009

Vintage Stories & Noa Noa


Juleantrekket til DUNNISbabyen er i hus. Desse to nydelege barneplagga, som du ser på bileta under, fann eg på Kappahl på laurdag. Flaks! For det var ikkje mange plagga att. Eg har lenge visst om at Kappahl skulle lansere ein Limited Edition den 19 oktober; 
Vintage Stories, 
og planen var sjølvsagt å "løpe og kjøpe" på lanseringsdagen, men så gjekk det altså nesten heile to veker før eg kom meg så langt...
Dette skriv Kappahl om Vintagekolleksjonen sin:


Vintage Stories


Imagine if a blouse could recount the occasions when the heart of the women who wore it beat faster or when it was broken. If the dress remembered all those summer days. If the jewellery remembered all the parties and the skirts remembered all the journeys. These are clothes with tales and you can continue their stories.





På labelen til denne Cardiganen står fyljande:
"Do you remember that beautiful cardigan" she said. I'm sure it's still in the addic in my old clothes box. We would never have thrown it away."

 


På labelen til dette skjørtet står det:
She smiled gently to herself as she remembered a skirt like this. Her daughter would look so elegant at her first party.
 
 
Bilete lånt frå Kappahl




Kjolen eg hadde sett meg ut til meg sjølv, var diverre utsolgt, så eg enda like godt opp med å kjøpe meg denne vinterkåpa:
 




Bilete lånt frå Kappahl





 


På min runde i byen, gjekk eg innom ein av mine favorittbutikkar,
nemleg 
Der hadde dei som vanleg mykje nydeleg.
Ynskjer meg...

Her er nokre smakebetar frå kolleksjonen Christmas 2009:




 

 





















Bilete lånt frå Noa Noa




Ha ein avslappande og fin sundag!

DUNNISMoR








torsdag 29. oktober 2009

Fantastisk Funn på Finn

Endeleg fann eg det eg har vore på jakt etter lenge, nemleg spisebord i rette storleiken med ileggsplater og seks stolar til. 
Det er berre heilt fantastisk, og eg er sååå fornøyd og lykkeleg! 
Flaks var det, òg! 
Eg er jo nesten aldri innom Finn lenger no etter at eg fekk augo opp for bloggverda og blogging, før var eg innom nesten dagleg. 
Eg sat altså og las på ein av desse fine interiørbloggane, om ei som er på jakt etter nytt salongbord, men som ikkje har funne det rette enno og derfor tenkte ho skulle kikke etter på Finn...
Hmm, tenkte eg, der er det lenge sidan eg har vore innom... og så...
*svupp* 
så hadde eg klikka meg fram til både Torget, Hordaland og Møbler og der, på øverste annonsa, såg eg bordet og stolane mine...
Eit lite tilbakeblikk:

Eg grip etter mobilen...slår nummeret...kjenner at hjarta slår, og så...
...etter ein kort samtale med selgar, legg eg på, og har altså avtale om å gje han tilbakemelding i løpet av morgondagen, på om eg kan hente bordet i løpet av neste dag eller ikkje...for selgar vil gjene kvitte seg med møblane litt kvikt. Sidan eg verken har bil eller lappen, for den saks skuld, må bil lånast eller leigast, og det litt fort. Eg ringer DUNNISmannen, som akkurat er ferdig på kurs...heldigvis..., og legg fram "nestenkjøpet" og planane mine for morgondagen. Han kan vel ikkje anna enn å sei at han kan køyre, om me får skaffa bil då, vel og merke. Eg har ikkje før lagt på, så ringer selgar att, og informerer om at han har kjempepågang og må få ei rask avklaring på om eg vil ha møblane...han gir meg ein time. Eg ringer DUNNISmannen att...
- Sei at me tek dei, det ordnar seg med bil, seier han. Heseblesen ringer eg selgar nok ein gong: - Eg tek møblane, eg...det ordnar seg med bil, seier eg...osv.
I morgon køyrer me altså for å hente bord og stolar, med lånt bil. Eg har allereie lagt planar for kva anna me kan få ordna i same slengen...ein tur på Ikea f.eks...me har jo lenge snakka om at me treng meir sitjeplass foran fjernsynet...hadde me egentleg ikkje vorte enige om å kjøpe ein to-seter og ein lenestol..? Ein tur innom Barnas hus for å ordne vinterklede og -sko òg, kanskje...
Vel, fyrst og fremst skal me endeleg få i hus spisebord og stolar.
Gler meg!



Bonne nuit!

onsdag 28. oktober 2009

Sjørøverbursdag...siste etappe...




Då var me i mål for denne gongen...siste bursdagsfesten vart avslutta for berre nokre timar sidan...puh!  Eg kjenner det i både rygg, armar og bein. Og litt i hovudet òg, då...og bekkenet...ja, det skranglar fortsatt etter siste svangerskap...  men no må eg snart få sett å ringe til den fysioterapeuten min og få gjort nokke med det! 
Ja, for det er skikkeleg vondt innimellom, det er berre det at med ein gong eg ikkje har noko særleg med smerter, så trur eg at eg er bra att og på bedringens veg...og så tenker eg at eg kanskje ikkje treng behandling, likevel. 
Typisk meg! Men no er det altså heilt nødvendig med både massage, trening og nåler, kjenner eg...var så vidt eg kom meg opp av sofaen i stad...var ikkje akkurat så rask på foten då eg fyrst hadde kome meg opp i ståande, heller. Ja, det er heilt utruleg kor fort eg stivnar til...
Vel, no var det i grunnen ikkje bekkenet mitt eg hadde tenkt å skrive om akkurat...var berre det, at eg synest det er litt rart å tenke på at eg i den eine augneblinken fauk rundt her som den spretne sjørøverdama...for så i neste augneblink å vagge inn på kjøkkenet som ei anna kalvbeint ku...
...ja, det tek på å feire bursdag onsdag, fredag, søndag og så tirsdag att...sjølvaste dagen for 5-åringen, Jenteselskap for 11-åringen, Familieselskap for begge i eit jafs og så no Sjørøverbursdag for 5-åringen att...eit einaste langt bursdagsmaraton! Slitsamt...som eg har vore inne på... ja!, men veldig kjekt og givande, og for ei mor, er det fantastisk å sjå kor mykje glede og lykke det skaper. For det ligg ein god del arbeid bak;  mange timar på kjøkkenet, og nokre timar til å dekke på, pynte og  dekorere, også...for ikkje å snakke om fiskedammar som skal planleggast og riggast til, godteposar som skal fyllast og kanskje ei og anna lite skattekiste som må gøymast...
Sjølvsagt er ikkje alt dette strengt tatt nødvendig, men eg likar dét, likar å bake, dekke på og pynte. Eg likar å planlegge aktivitetar og leikar...likar  å delta aktivt i selskapet, gjerne som sjørøverdame, slik som i dag...då kjenner eg meg levande. Det er nok denne deltakardelen eg likar aller best...
For nokre år sidan var det bakinga eg la heile mi sjel i...alt skulle lagast frå botnen av og helst skulle det bugne over på fata av, ja, ikkje berre to typar bakverk, men gjerne fire eller fem...og ofte noko varmmat i tillegg.  
No seier eg Takk Toro og Møllerens!!!
Det er inga skam å bake 1-2-3! (Vert ekstra god tid til pyntinga...må innrømma at eg enno legg litt av sjela mi i den, då...)
Siste selskapet, siste etappen denne gongen, vart Sjørøverfest med ti små sjørøverar i alderen 4-5 år...med sjørøverhatter -og drakter, augnelappar, sablar og sverd...ja, full habitt :) To timar moro med tid til leik (les frileik), pizza, meir leik (fortsatt frileik), muffins, opning av presangar og enno meir frileik, før det heile vart avslutta med "fiske på havet" (med godteposar som fangst) og ein sjørøvertrall. 
Smilande ongar, brølande ongar, hoppande og dansande ongar...ja verkeleg fine ongar...og fornøyd, men sliten sjørøvermamma...med skranglande bekken :)

...nå kan vi ta det rolig, de neste...

Hiv o'hoi!








torsdag 22. oktober 2009

5-åring

Dunnisguten fylte 5 år i går.
Gratulera med vel overstått, bøllefrøet mitt!
DUNNISMoR hadde egentleg tenkt å skrive eit innlegg på dagen, men då kvelden kom kjende ho seg som ein vridd oppvaskeklut og orka ikkje anna enn å strande på sofaen og glane på fjernsynet.
Dagen starta med "Happy Birthday", muffins med lys og opning av presangar på senga. Ein i utgangspunktet trøtt gut, vart brått forvandla til ein nokså energisk gut då han såg brettet med muffinsar og haugen med presangar som DUNNISjenta kom berande med. Han opna den eine presangen etter den andre i racerfart. Smilet rundt munnen vart breiare og breiare etter kvart som innhaldet i pakkene viste seg...og det regelrett flaug innpakningspapir og gåveband rundt i rommet. Det vart både Power Miners, Carshelikopter, Carsbilar, Eventyrbok, Thomas signalhus og Eventyrbok på vakre, gode, snille, artige, omsorgsfulle, hjelpsame, omtenksame og fine guten min.
Etter denne seansen, var det berre til å kome seg avgårde til barnehagen...og eg fór ut av dørene, som ein virvelvind, med sekkar og posar i den eine armen og baby under den andre...og så bursdagsbarnet, sjølvsagt, hakk i hel. Me småsprang til bussen...nok ein gong...og hadde ikkje før sete oss ned før bussen køyrde. 
Framme i barnehagen vart det gratulasjonar frå alle kantar...vart nok litt i meste laget for bursdagsbarnet... for ei hand kom snikande inn i mi og ville ikkje heilt gje slepp på ei stund...
Medan barna i barnehagen hadde samlingstund, lånte eg kjøkkenet...pynting av Sjørøvermuffins måtte til... bakt kvelden før, men fordi det skulle vere så mykje pynt på dei, måtte dette gjerast etter transport. Etter at muffinsane hadde fått blå glasur, lyseblå smørkremtoppar, lakrisbåtar med sjørøverflagg oppå der att, gullpenge og sabel stukke nedi, var det tid for DUNNISMoR å gå. Barna fekk kose seg med sjørøvermuffins (bilete kjem) etter smørelunsjen og eg kunne kose meg i byen.
Etter barnehagen vart det feiring eit par timar på Fridays med middag og dessert.
Ein sliten, men fornøyd 5-åring, kraup stuptrøtt opp i senga den kvelden...det tek på å ha bursdag... Heilt til slutt på bursdagen las me faktabok om havet...favorittboka for tida...og gullongen sovna  til slutt med eit smil om munnen.




Glad i deg!




mandag 19. oktober 2009

Rim og Regler




Tå-regle

 



Tetil, 
Tåtil, 
Tillerot, 
Neglefru 
og 
Store Gubben Hesten






Finger-regle





Tommeltott,
Slikkepott,
Langemann,
Gullebrann,
og
Lille Petter Spellemann






Panneben





Panneben,
Øyesten,
Øreflipp,

Nesetipp,
Munnelipp,
Hakesnipp
og

Dikke, dikke, dikk



Dette er kjente og kjære rim og regler. 
Desse små reglene kjenner dei fleste av oss til...kanskje det var dei fyrste me lærte då me var små...
 Små fingrar og tær innbyr ofte til leik og sang...ofte i stellesituasjoner.
Noko av det fyrste ein baby oppdagar, er eigne fingrar og tær. 
Her om dagen vart eg oppmerksam på at DUNNISbabyen, som no nærmar seg tre månader, låg og studerte handa si. Ho har etterkvart utvikla meir kontrollerte bevegelsar og no låg ho altså og bevega på armen og handa nært opp mot andletet. Dette heldt ho på med ei god stund...før ho så putta nesten heile handa inn i munnen sin...for å "ta og føle" på med smaksansen.

Fasinerande!


Tærne har ho ikkje oppdaga riktig enno...men trur det er like før...ho øver seg stadig vekk på å løfte på beina og rumpa...

Spennande!

 

God tirsdag!

DUNNISMoR





lørdag 17. oktober 2009

Tulips in my head



 

 

 

Kvite tulipanar er vakre...
nokon av dei vakraste blomane som finst...
med reine linjer og ein sjeldan ynde står dei og strekk på hovuda sine og nikkar til meg. 
I byrjinga er dei inneslutta og lukka... der dei står og strekk halsen sin så lang han er mot lyset. 
Etterkvart opnar dei seg meir opp for meg, bøyer litt på nakken og kikkar rundt seg i rommet...
smiler.

Til slutt lener dei hovudet sitt langt fram og bukkar djupt for meg...og eg neier attende.


onsdag 14. oktober 2009

Når det er Vinternatt fyller DUNNISjenta og Ole Brumm år...




Det er ein spesiell dag i dag.
For der fyrste er det elleve år sidan DUNNISjenta kom til verda.
<3 til lukka med dagen kjære, snille, gode, omsorgsfulle, omtenksame, hjelpsame, dyktige, kreative, kloke og vakre jento mi!
Eg er så gla i deg!
Du er det mest fantastiske som har hendt meg!



For det andre er det ifylje primstaven Vinternatt/ fyrste Vinterdag i dag.
Fyrste vinterdag er som regel avmerka på primstaven med eit bladlaust tre (den sterke vinden på dinesmesse hadde blåst blada av trea) eller ein vott. Votten er eigentleg ein pavehanske, sidan denne dagen også er messedag for pave Callistus - ein av dei mange som led martyrdøden under kristenforfylgingane på 200-talet. På våre breiddegrader vart hansken etter kvart til ein vott, sidan denne dagen var den fyrste dagen på primstavens vinter-side.


For det tredje har Ole Brumm også bursdag i dag. Han fylte 72 år den dagen DUNNISjenta såg dagens lys...og dersom eg reknar fort i hovudet no, så kjem eg fram til at han fyller 83 år i dag. 
Den dagen...for elleve år sidan...då han fylte 72 år, hadde han faktisk hatt bursdagsselskap på barneklinikken. Dette vart me fortalt medan me venta på at babyen skulle kome ut. Det som var så rart, var at han òg satt på nattbordet inne på fødestova...satt der og venta...
Eg likar veldig godt denne gode, gamle bjørnen...kven gjer ikkje det? Derfor hadde eg kjøpt ein til den lille i magen og teke han med på sjukehuset...og då den etterlengta DUNNISjenta endeleg kom til verda...så var det på bursdagen til sjølvaste Ole Brumm!
Den fyrste boka om Ole Brumm vart utgiven 14 oktober 1926, som vert rekna som Ole Brumm sin fødselsdag. Boka vart oversatt til norsk i 1932 av Rikka Bjølgerud Deinboll og kom i ei ny og forkortå utgave i 1974 ved forfattaren og visedikteren Thorbjørn Egner.

14 oktober 2009
DUNNISjenta vart vekt kvart på sju av at DUNNISguten, DUNNISmannen og DUNNISMoR song  "Happy Birthday" for full hals. Tradisjonen tru, vart det servert Muffins med saft. Lysa...vel, lyset vart blese ut.. .og sidan det er litt trongt om plassen på ein muffins, så nøya me oss med eit hjartelys. Etter fru...muffinsane, opna bursdagsbarnet pakkar og vart strålande fornøyd med innhaldet: arkivmappe (Tilda), toolbox, jewellery bead kit og sewing box (Tilda)...alt frå Panduro. (Gjett om ho gler seg til å ta gåvene i bruk!)
Sjølv om ein har bursdag, må ein på skulen, så etter gåvedrysset var det berre til å kle på seg, gå på badet og kome seg avgårde til bussen i ein fela fart. Med sekken på ryggen og ein svær Ikeapose (papirutgåva) med muffins i den eine handa, fór ho glad og fornøyd ut av døra. Oppi Ikeaposen låg 20 muffinsar med svart glasur og spindelvevmønster og desse skulle delast med alle dei andre i klassen...for ein feirar fortsatt litt på skulen...sjølv om ein vert elleve år. Muffinsane bestilte ho forresten av DUNNISMoR fleire dagar i førevegen...og dei vart ein like stor suksess i år, som i fjor.
Etter endt skuledag, vart det vidare feiring på Friday's saman med DUNNISfamilien, Bestemor og Pappaen...noko DUNNISjenta hadde eit sterkt ynskje om. Her vart det fylt på med både hamburgarar, kaker, is og brus, og etter nesten to timar, trilla me så og sei ut att.
Så er det jo slik at du feirer resten av dagen din hjå Pappa...sidan du er hjå han i dag. Helst skulle eg vore med deg resten av dagen og kvelden, òg, ja, heile tida...heile livet..., men eg veit jo godt at ei DUNNISjente må vere saman med både pappaen og mammaen sin...
det er dét som er rett for deg...
Du har hatt den finaste bursdagen i livet ditt, sa du på telefon, då du skulle ringe for å sei god natt, og det gjer det utruleg godt, for ei DUNNISMoR som saknar jenta si, å høyre.







 


Kjære Ole Brumm
Gratulerer med dagen til deg, òg! 


 


mandag 12. oktober 2009

Haustluft og Full fres på ein sundag...




 

Calluna og Sølvtråd i nyanskaffa zinkpotter frå Plantasjen...og ei gamal zinkkanne kjøpt på Ikea for mange år sidan, pyntar opp på altanen min. 
 



 

Det er utan tvil haust...me er snart halvvegs i oktober, men i dette skogholten, som eg gjekk igjennom i dag, skulle ein tru at sommaren har klamra seg fast...fortsatt ganske grønt i trekrunene. Likevel, lauva på bakken talar for seg...
...fantastisk å "vasse " i.

 

 
Sundagsaktivitet
Dei to eldste DUNNISbarna i full aktivitet i Hallen. Her er det flotte boltringsmogelegheiter...
Sykle
Spille
Rulle

Hoppe
Danse
og 
Springe
...til ein vert varm og svett...
...og må setje seg ned og nyte medbragte vafler og 
ein kopp kakao.





 

Enno meir fart og moro...
-Lag fart, då!
-Enno større fart!
-Dette var gøyt! 





DUNNISbabyen søv i vogna si...finst det noko betre enn å sove ute i deileg hausluft...


Denne helga, kom eg meg endeleg på loppemarked...
Innlegg kjem snart...
Ha ei fin-fin veke!
DUNNISMoR