torsdag 27. september 2012

Me flyttar på landet


i heilt nytt hus! Endeleg har draumen om eige hus gått i oppfyllelse. Etter fire år i ei trang leiligheit, var det verkeleg på tide å få noko større...65 kvm delt på fem er ikkje all verda, men det er utruleg kva ein venner seg til, dessutan vert ein ganske god på praktiske løysingar og å stable i høgda :) No vert det andre bollar; alle ungane får eige rom, og det vert slutt på å stå som sild i tønne på badet om morgonen, for me får næmlig to bad...reine luksusen. Loftsstove (les: fars spillebule) og gjesterom (les: mors hobbyrom) får me, òg...og VASKEROM!!!...det er nesten ikkje til å tru :) Framover no vert det mykje arbeid og seine kveldar på meg og mannen; her skal ryddast, sorterast, kastast, gis vekk, pakkast og flyttast, så må det vaskast og stylast, før me kan selga....puh! Mykje å gjere og mykje å tenke på, men eg veit det ordnar seg til slutt...det brukar å gjere det. I dag har eg hatt 3 forskjellige meglarar på befaring, så me er godt i gang. Pakkinga er me så vidt i gang med, også. 8-åringen pakka Briotogbanen sin same dagen me fekk tilslaget på huset, så det lovar godt. Som sagt er det mykje me ikkje kjem til å ta med oss på flyttelasset, for eg har ein visjon om å leve med færre ting...eg drøymer i alle høve om det...spørst om eg får det til...eg som tek vare på det meste...men, og dette er eit stort men, eg har øva meg på å gje vekk, i små dosar, riktignok, men det er no ein begynnelse.

Eg er så glad og gler meg som eit barn!

Draumar går i oppfyllelse!











Noko bilete av Dunnishuset har eg ikkje for handa i dag, så de får kose dykk med nokre Instagram augneblink frå dagane som var.

Ha ein fortreffeleg torsdag!


3 kommentarer:

Pink lady sa...

Hei!

Kom til å titte innom deg igjen, lenge siden sist. gratulerer så mye med huskjøp!! Tenker det skal bli godt med litt større plass for en familie på fem! Blir spennende å få se litt bilder etterhvert som dere kommer i orden!

Håper ellers at du føler deg frisk og rask! Det er ikke noe kjekt å kjenne på at kroppen ikke er i form.

Klem Pink Lady

Rosa sa...

Så kjekt å sjå at det er liv att på Dunnisbloggen også! Eg har også hatt mange månaders pause, men no plutseleg er eg i gang igjen.

Grattis med nytt hus! (og så lurar eg jo litt på kor "landet" er ;) ) Det høyrest klaustrofobisk ut for meg med fem personar på 65 kvm, men det er nok ein vane. Me er jo vande til å ha stor plass, både inne og ute.

Lukke til med visningar!

En fant sa...

Mange mange gratulasjoner til deg og din familie for et nytt hus ... Ønsker deg alt det beste ..