I føremiddag tok eg meg ein herleg strekk i sola. Etter at skydekket endeleg hadde letta litt og sola skein på altanen, var eg ikkje sein om å installere meg der ute...strak ut, rett på terasseborda...enkelt og greitt! Planen var å få lest litt, men eg vart heller liggande å nyte synet av blå himmel og lette skyer, og ja, berre absorbere varmen frå sola. Og sjølvsagt beundre blomsterprakten...
Og blomkarsen blømer som aldri før. Bløminga kom riktignok noko seint igang i år; frøa kom i jorda fyrst i slutten av mai, og sommaren har jo, som kjent, ikkje vore av dei varmaste...
Med god drenering, godt med gjødning og litt varme i ny og ned, har eg likevel fått ein pitteliten oase med både blomkarse, hengepelargonium, klematis, lobelia, voksblomar, stemorsblomar, lavendel, eføy og jordbærplantar på altanen min i sommar.
I morgon diskar eg kanskje opp med salat med blomkarse...etter det eg har høyrt, kan ein ete både blad, knoppar og blomar.
Plukke og setje i vase...det skal eg...det er heilt sikkert!
