tirsdag 6. september 2011

September og dei små tinga. Sweet Love på ein måte.









Det er september og mange månader sidan eg sist posta eit innlegg på bloggen. Ei stund var eg ikkje ein gong innom blogger...eg orka rett og slett ikkje, men etter kvart som tida gjekk kikka eg meg litt meir rundt, la gjerne att ein kommentar eller to, eller vart med på ein og annan giveaway...ja, sånn var det...ikkje nokke meir enn det.  Ingen spesielle ynskjer om å skrive sjølv, eller blogge, om du vil. Eg mangla motivasjon og tiltakslyst, og vurderte ofte om eg rett og slett skulle legge ned heile bloggen.
Eg klarer ikkje å bestemme meg, så inntil vidare gjer eg ikkje nokke med det. Kan hende eg friskar opp med eit og anna innlegg i ny og ne.


Fokus i livet mitt no er å vere med familie & vener og å delta på aktivitetar med ungane,
vere ute i naturen og nyte den...suge den inn,
gå tur, trene og komme i enno bedre form, 
lage og ete mat som er bra for meg og mine, 
finne att gleda i det eg gledde meg over før
og 
kjenne at eg vert ivrig og får lyst til å skape når eg ser eit fantastisk fint garn eller tøystykke.







 Kjenner at eg er i bedre form.
Kan jogge til og med :)
Kan hoppe, sprette og springe saman med ungane.
Er friskare enn på lenge.
Kjenner eit lite sug når eg ser fine strikkeoppskrifter eller får hjartebank når eg får auga på eit kult retrostoff.

Forelskar meg att
dei små
tinga.


"Vær tro mot de små tingene. Det er i dem styrken din ligger"

Mother Theresa








Tusen takk til alle som har lagt att fine ord til meg under forrige innlegg. Det varmar og eg set verkeleg pris på det:) 
Det er godt å kjenne at andre bryr seg.


Håpar du får ein fin dag!


8 kommentarer:

Heidi sa...

Det var godt å lese disse orda. :) Jeg håper du får gode dager framover!

Pia sa...

Fine ting å fokusere på! Og godt å høre at du føler deg piggere:) Du trenger jo ikke å legge ned bloggen, la den være som den er, og så kommer du innom i ny og ne hvis du føler for det.

linn sa...

fint å "høyre" frå deg igjen. blogging skal vere noko kjekt, så gjer det dei dagane du føler for det.

ønsker deg gode dagar ♥

-klem

Rosa sa...

Å, så godt å sjå livsteikn frå deg! bloggelyst er eit overskuddsfenomen, har eg lært, og slik har det vore for meg òg i starten av hausten. Men no er inspirasjonen til både det eine og det andre på plass igjen, og det gler meg!
Håpar formstigninga fortset, og så kanskje, dukkar bloggelysta oppatt på meir fast basis?

Nyt dagane!

SynnePynne sa...

Så kjekt å høre at du er bedre, ønsker deg mange fine høstdager fremover.

Klem

Synne

giraffmamma sa...

Bloggelysten og overskuddet og tida til å få skrevet nye innlegg, det går opp og ned. Kjekt å lese et innlegg fra deg igjen :) Jeg er ikke så aktiv på bloggen sjøl for tida, men pytt pytt, det skal være kjekt å blogge :) Og kjekt å lese hva andre blogger om, så får det bli litt pauser innimellom. Vi ses snart håper jeg! Klem

Pink lady sa...

Hei!

I kveld tittet jeg på noen gamle innlegg på bloggen min, så en kommentar fra deg og klikket meg inn her.. Så godt å se at det hadde kommet et nytt innlegg fra deg nå i høst. Du har fokus på de rette tingene:)

Ønsker deg en riktig god førjulstid meg deg og dine!

Klemmer i fleng

v sa...

ønsker deg dager
fyllt med gode øyeblikk
som gir håp og glede,

klem
vibeke